Elevane er mindre tilfreds med skulemiljøet

Sjølv om dei fleste elevar svarar at dei har eit godt læringsmiljø, viser nye tal frå Elevundersøkinga ein svak nedgang på dei fleste områda. Resultata for elevane i Vestland følgjer den nasjonale trenden.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.01.2023

Fleire elevar opplever å bli mobba

Hovudfunn i Elevundersøkinga frå 2022 viser generelt at elevar meiner dei har eit godt læringsmiljø kjenneteikna av høg trivsel, støtte frå lærarane, faglege utfordringar og meistring.

Det er likevel slik at delen elevar som opplever mobbing aukar på alle trinn samanlikna med i fjor. Auken i tala på 10. trinn og vg1 skjer etter fleire år med nedgang. På 7. trinn har det vore ein aukande tendens i mobbetala sidan 2018.


Tala for Vestland opp mot nasjonale tal (i prosent):

Hovudindikator mobbing 2021 2022 Auke i prosent
Nasjonalt 7. trinn 7,9 9,9 2
Nasjonalt 10. trinn 5,7 7,4 1,7
Nasjonalt vg1 3,3 4,2 0,9
Vestland 7. trinn 7,8 9,2 1,4
Vestland 10. trinn 6,3 8,1 1,8
Vestland vg1 3,6 4,2 0,6

Ein negativ trend når det gjeld motivasjon

Nasjonale tal viser at elevane sin motivasjon går ned på både 7. og 10. årssteg i 2022. Over tid ser vi ein svak nedgang i elevane sin trivsel og motivasjon på 7. årssteg frå 2016 og fram til i dag. Dette skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding 20. januar 2023.

Når det gjeld utviklinga i elevane sin motivasjon i Vestland viser tilgjengelege tal ein liknande nedgåande tendens på 7. årssteg frå 2020.

Om Elevundersøkinga

Elevundersøkinga er ei årleg nettbasert undersøking om elevane sitt skule- og læringsmiljø i regi av Utdanningsdirektoratet. Undersøkinga er obligatorisk å gjennomføre på 7. og 10. trinn i grunnskulen på vg1 i vidaregåande skule. Føremålet med undersøkinga er å kartleggje sentrale sider ved læringsmiljøet på skular.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.