Tilskot til kompetansehevande tiltak for lindrande behandling og omsorg ved livets slutt
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2026 23:00
- Målgruppe:
- Personar med behov for lindrande behandling og omsorg og deira pårørande.
- Ansvarlig:
- Helse- og omsorgsavdelingen
- Hvem kan søke:
- Kommunar i Agder, Vestfold eller Telemark
- Rapporteringsfrist:
- 1. mars 2026 23:00
Kommunar i Agder, Vestfold og Telemark kan no søkje om tilskot til å styrke kvaliteten i tilbodet til personar med behov for lindrande behandling og omsorg, og deira pårørande. Søknadsfrist er 1. mars 2026.
Tilskotet skal bidra til kompetansebygging i kommunane og styrke kvaliteten i tilbodet til personar med behov for lindrande behandling og omsorg, og bidra til å ta vare på behova til dei pårørande.
Målgruppa er leiare og tilsette i den kommunale helse- og omsorgstenesten. Endeleg målgruppe er pasientar med behov for lindrande behandling og omsorg, uavhengig av diagnose, og deira pårørende. Dette kan vere pasientar med alvorleg eller livstruande sjukdom og eldre med alvorleg skrøpelegheit med avgrensa forventa levetid.
Forvaltninga av tilskotet er eit samarbeid mellom dei regionale kompetansesenterane for lindrande behandling og Statsforvaltaren.
Praktisk informasjon
- Søknads- og rapporteringsfrist er 1. mars 2026
- Kommunar i Agder, Vestfold eller Telemark som skal søkje, sender søknaden som eit vedlegg til ein e-post som sendast til sfvtpost@statsforvalteren.no (utan kopi til sakshandsamar)
- Rapporteringsskjema for tilskot delt ut i 2025 sendast til same e-postadresse som over
- Søknads- og rapporteringsskjema er å finne i boksen "Dokument" på denne sida
- Du finn regelverk og meir informasjon om tilskotet på heimesida til Helsedirektoratet: Kompetansehevende tiltak for lindrende behandling og omsorg ved livets slutt - Helsedirektoratet
- Vi har som mål å sakshandsame søknadene før 17. mai
Søkjarar som har behov for faglege råd og rettleiing kan kontakte
- Kompetansesenter for lindrende behandling i Helse Sør-Øst, (KLB) Regional kompetansetjeneste for lindrende behandling, kslb@ous-hf.no. Telefon: 23026684
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2026 23:00
- Målgruppe:
- Personar med behov for lindrande behandling og omsorg og deira pårørande.
- Ansvarlig:
- Helse- og omsorgsavdelingen
- Hvem kan søke:
- Kommunar i Agder, Vestfold eller Telemark
- Rapporteringsfrist:
- 1. mars 2026 23:00