Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Søk Klimasats i 2021

Legg til i egen kalender
Søknadsfrist:
15. februar 2021
Målgruppe:
Kommunar og fylkeskommunar
Ansvarlig:
Miljødirektoratet
Hvem kan søke:
Kommunar og fylkeskommunar
Flom. Foto: Peder Torp Mathisen
Flom. Foto: Peder Torp Mathisen

No kan du søke om klimasatsmidlar for 2021. Søknadsfristen er 15. februar.

Publisert 06.01.2021

Klimasats er ei støtteordning for kommunar og fylkeskommunar som vil redusere utslepp av klimagassar og bidra til omstilling til lågutsleppssamfunnet.

Regjeringa har foreslått 100 millionar kroner til ordninga i statsbudsjettet for 2021.

Støtteordninga driftast av Miljødirektoratet og skal fremme klimatiltak i kommunar og fylkeskommunar. Ordninga skal bidra til at kommunen integrerer klimaomsyn i sine aktivitetar ved å gi tilskot til prosjekt som bidrar til reduksjon i utslepp av klimagassar og omstilling til lågutsleppssamfunnet. Videre skal ordninga bidra til at kommunen styrker rollen som samfunnsutviklar og drivar som legg til rette for samarbeid på klimaområdet mellom ulike aktørar.

Sjå heimesida til Miljødirektoratet for meir informasjon om ordninga.

Søknadsfristar i 2021

Hovudsøknadsfrist for midlar til KlimaSats er 15. februar.

For nokon type tiltak/prosjekt er det òg mogleg å søka innan 15. mai, 15. august og 15. november, desse er:

  • Meirkostnader for klimatiltak i konkrete innkjøp.
  • Tidleg kartlegging av klimatiltak i bygg og anlegg.
  • Ladepunkt (for kommunar som har fått lite eller inga støtte til dette tidlegare).

Treng du idear?

Miljødirektoratet har samla søknader, tilsagn, mange rapportar og annan informasjon om dei over 1300 prosjekta som har fått Klimasats-støtte i ei liste på nett som kan vera ei god kjelde til inspirasjon og kunnskap for nye søknader.

Støtte til klimatilpassing

Klimatilpassing blir ikkje dekt av Klimasats-ordninga, men Miljødirektoratet har ei eiga støtteordning for dette, som også har søknadsfrist 15. februar 2021. Les meir om ordninga her.

Legg til i egen kalender
Søknadsfrist:
15. februar 2021
Målgruppe:
Kommunar og fylkeskommunar
Ansvarlig:
Miljødirektoratet
Hvem kan søke:
Kommunar og fylkeskommunar