På veg mot eit lågare klimaavtrykk

Bilde: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

På Ulefoss blir metanutsleppet frå norsk kvit sau målt denne veka. Norsk Sau og Geit samlar inn data for å lære meir om moglegheitene for å satse på beitedyr som har lågare klimagassutslepp.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.02.2021

Jordbruksnæringa har i 2019 inngått ei avtale med Regjeringa om å redusere klimagassutsleppet med 5 mill. tonn CO₂-ekvivalentar i perioden 2021 -2030.

Ein relativ stor del av utsleppa frå jordbruket er relatert til beitedyr. Beitedyr et gras eller grovfôr som fordøyast i magen. Under denne omdanninga blir det produsert metan. Denne gassen rapar beitedyra. Kor mykje metan ein sau eller ei ku rapar, er avhengig av fôret (lett fordøyeleg fôr betyr mindre metanutslepp), men varierer òg mellom dyr. Viss det er genetisk variasjon i ein populasjon og eigenskapen er arveleg, kan ein selektera dyr som har lågare klimagassutslepp. Og dermed kan det satsast på beitedyr som slepp ut mindre metan i framtida.

Bildene: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner