Klimatiltak i skog 2024

Tilskotsordningane for klimatiltak i skog vert vidareført med same tilskotssatsar og søknadsfristar i 2024. Det er nokre endringar i vilkåra for ordninga.

Publisert 01.02.2024

Tilskotssatsar for klimatiltak i skog 2024

  • Gjødsling av skog: 50 %
  • Tettare planting ved nyplanting: 60 %
  • Suppleringsplanting:40 %

Tilskot vert rekna ut frå dokumenterte og godkjende kostnadar for tiltaket. Tilskot vert gitt frå sentral ramme. Satsane er fastsett på grunnlag av tildelt ramme og forventa aktivitet på landsbasis. Om søknadsmengda vert større enn tildelinga, kan satsane verte reduserte.

Søknadsfristar 2024

  • Gjødsling av skog: 15. september
  • Tettare planting ved nyplanting (TTP): 25. november
  • Suppleringsplanting: 25. november

Søknadar tilskot til tettare planting og suppleringsplanting vert handsama og tilskot godskrive fortløpande. Fristen 25. november er å rekne som ein siste frist for søknadar som skal handsamast og få utbetaling i 2024.

Endringar frå 2023

  • For tettare planting ved nyplanting (TTP) vert det eitt sams innslagspunkt, anten feltet er markberedd eller ikkje. Denne endringa er gjort av Landbruksdirektoratet etter innspel frå næringsaktørane. Meininga er at eit sams innslagspunkt for planting med og utan markbereding vil forenkle ordninga og gjere den enklare å forstå både for skogeigar, forvalting og næring.
  • For suppleringsplanting vert det sett eit tak, slik at det ikkje vert gitt tilskot for meir enn inntil 75 planter/dekar. Likevel må minimumstalet for planter/dekar på den aktuelle boniteten vere nådd etter supplering, for at tilskot skal kunne givast. (Dette er ei auke frå 50 planter/dekar i fjor.)

Forvalting av ordningane

Kommunane forvaltar og fattar vedtak i ordningane etter reglane i NMSK-forskrifta. Faglege råd, føresetnadar og vilkår for tilskota er ikkje endra frå tidlegare år. Det er krav om kartfesting for alle klimatiltaka.

Føresetnadar og vilkår for ordningane

Les meir om tilskot til gjødsling av skog på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Les meir om tilskot til tettare planting og tilskot til suppleringsplanting på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.