Tilbakebetaling av feilaktig utbetalt RMP-tilskot

Når våren kjem, kan det vera at kommunen oppdagar at nokon som har fått RMP-tilskot likevel ikkje fyller vilkåra.  

Publisert 19.05.2025

Det kom opp ein case under RMP-praten 14.05.2025. RMP-søkjaren hadde fått innvilga tilskot til tiltaket fangvekst som underkultur og til tiltaket inga jordarbeiding om hausten. Når nå våren kom, vart kommunen merksam på at deler av arealet, som hadde gitt grunnlag for tilskot til fangvekst som underkultur, i røynda var attlegg. Og deler av arealet, som hadde gitt grunnlag for tilskot til inga jordarbeiding, i røynda var gjenlegg.

Statsforvalteren skulle vurdere nærare og gje melding om korleis slike saker skal handsamast. Det vil seie, kva gjer kommunane når dei oppdagar at ein som har motteke RMP-tilskot, likevel ikkje fyller vilkåra.

Rettsgrunnlaget finst i Forskrift om regionale miljøtilskudd, Vestfold og Telemark. § 44 seier at ein sum som er betalt ut, kan krevjast tilbake dersom vilkåra i forskrifta ikkje er oppfylte. §§ 3-37 skildrar vilkåra som gjeld. § 43 gjeld avkorting. At søkjaren aktivt søker om tilskot til konkrete tiltak, tilseier at h*n i regelen er medviten om feil h*n gjer.

Kva kommunen bør gjera, punkt for punkt:

1 Varsle søkjaren

  • Så fort som mulig etter at det har vorte klart at tilskot er gitt på feil grunnlag
  • Gjerast utanom e-Stil-AMP
  • Skildre situasjonen (t.d. kommunen har oppdaga/ blitt klar over…)
  • Vise til kva for vilkår som kan ha vorte brote
    • bruk ordlyd frå §§ 3-37
  • Opplyse om at kommunen kjem til å vurdere omgjøring av vedtak og å avkorte p.g.a. feilopplysning
    • vis til §§ 43 og 44
  •  Gje søkjaren høve til å melde tilbake
    •  frist for tilbakemeding

2 Skriv endringsvedtak

  • Etter at fristen for tilbakemelding er ute
  • Gjerast i eStil-RMP
    • Gjenåpne søknaden
    • Skriv inn endringar
    • Kontrolles brevet
    • Send til godkjenning
    • Godkjenn

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.