PT-prat
Tysdag 22.10.2024 gjennomførte me ein PT-prat på Teams. Me takkar dei som deltok for refleksjonar som vart delte og gode tips til arbeidskvardagen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 24.10.2024, Sist endra 31.10.2024
Me kjem til å halde fram med å invitere kommunane til ein times PT-prat på Teams annankvar uke gjennom PT-sakshandsamingsseongen. Målet er at me ved å dele erfaringar og reflektere saman skal ende opp som enda meir opplyste og kompetente sakshandsamarar.
Ramma for kvar PT-prat verte:
- Kommunane fortel om stoda hjå seg, fortel kva dei er opptekne med, deler tips, stiller spørsmål m.v.
- Om det vert tid: diskusjon rundt tema me har vorte einige om og som statsforvaltaren har førebudd
- Om det vert tid: aktuelle casar
- Me vert einige om tema for neste PT-prat
Planlagde PT-pratar fram til jul:
- 6. november
- 19. november
- 04. desember
- 17. desember
Planlagde tema er vanleg jordbruksproduksjon, avvik og avkorting.