Meldingar om produksjonssvikt

Produsentar som mistenker at det kan verte produksjonssvikt, må melde så fort som råd. Kommunen må fylgje opp meldingane.

Publisert 10.08.2026

For å registrere mogleg produksjonssvikt, må gardbrukaren sjølv logge seg inn via Altinn. Se lenkje til rettleiing til høgre på denne sida.  

Kommunen må sikre seg tilstrekkeleg innsikt i kvar einskild sak til å kunne stadfeste klimaårsaka, angi ein klimaprosent og skrive ei fråsegn. I minst 10 % av sakene som gjeld svikt planteproduksjon, og minst 50 % av sakene som gjeld svikt i honningproduksjonen, skal kommunen gjennomføre stadleg kontroll.

Til no i år er det registrert 99 meldingar om mogleg produksjonssvikt i Vestfold og Telemark.

Kommune Bær Frukt Grovfôr m/husdyr Grovfôr for salg Honning Korn Total
Drangedal     1       1
Fyresdal     3       3
Færder 1           1
Horten           1 1
Kragerø         1   1
Kvitseid     7 7     8
Larvik 2   1       3
Midt-Telemark   23     1 2 26
Nome 1 3 2       6
Notodden 1 3 1 1   3 9
Porsgrunn         1   1
Sandefjord 1           1
Seljord     16 2     18
Siljan           1 1
Tinn     4 2     6
Tokke     3       3
Vinje     10       10
Totalt 6 29 48 6 3 7 99

På same tid i 2025 var det registrert 61 meldingar, og i 2024 var det på same tid registrert 71 meldingar.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.