Meld dykk på slamdagen allereie no!
Og spreie bodskapen vidare til andre aktuelle deltakarar i kommunen, som tilsette frå plan og bygg, miljøretta helsevern og reinseanlegga, samt aktuelle politikarar.
Publisert 09.04.2026
Avløpsslam er ikkje avfall – men ein ressurs i det sirkulære krinsløpet ved rett bruk. For å utnytte verdiane fullt ut må heile verdikjeda vere samordna. På slamdagen vil vi belyse moglegheitene og utfordringane som ligg i utnyttinga av slammet i jordbruket.
Tema som blir tekne opp er:
- Risiko for forureining av drikkevatn
- Mellombels lagring av slam på jordet
- Risiko for ferskvassorganismar
- Reglar i gjødselbruksforskrifta for bruk av slam
- Plantetilgjengeleg fosfor i slam
- Potensialet for å vere sjølvforsynt med fosfor
Set av dagen 26. mai, fra. kl. 09.00-15.00 til denne innhaldsrike fagsamlinga. Samlinga haldes i Sliperiet, Hammergata 15, Larvik.
Meir informasjon og påmelding finn du her:
Slamdag | Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark