Velkommen til den årlege Leve heile livet-konferansen!

Dato:
1. desember 2021 18.00 - 2. desember 2021 15.15
Sted:
Quality Hotel Skjærgården, Langesund
Arrangør:
Den regionale støtteapparatet for Leve hele livet-reforma, helse- og omsorgsavdelinga
Målgruppe:
Kommunalsjefar, leiarar, kontaktpersonar for Leve heile livet-reforma, fagutviklarar, folkehelsekoordinatorar, planleggjarar, politikarar, organisasjonar med fleire.

I samarbeid med det regionale støtteapparatet for reforma inviterer vi til konferanse 1. og 2. desember i Langesund.

Publisert 15.10.2021

Deltakarane vil i løpet av konferansen få nyttige idear og eksempel frå kommunar som har jobba godt med ulike deler av reforma. Sandefjord kommune er den eine kommunen. De er i år nominert til Leve heile livet-prisen. I tillegg får deltakarane høyre om Nyby og det samarbeidet dei har hatt med friviljuge i Nome kommune. Seniorforskar Bjørn Heine Strand frå Folkehelseinstituttet kjem for å leggje fram trendar, data og befolkningsframskriving.

I tillegg har vi gjort avtale med Per Anders Nordengen, som er ein av dei mest etterspurde foredragshaldarane i Noreg for tida. Han er kjent for ein munnleg forteljarstil med evne til å formidla alvor med glimt og humor.

Statsforvaltar Per Arne Olsen vil opne konferansen.

Programmet for konferansen finn du under "Dokument" ei anna stad på sida. 

Hovudprogrammet er 2. desember, men vi tilbyr overnatting og eit fagleg innhald på ettermiddagen/kvelden den 1. desember for deltakarar med lang reiseveg eller andre særlege behov. Til desse har vi reservera 50-60 enkeltrom. Plassane blir gitt til dei med størst behov.

Det er framleis ledige plassar for foredrag, julemiddag og overnatting frå 1. til 2. desember for alle som ønskjer det eller har lang reiseveg. 

Staden er Quality Hotel Skjærgården, Langesund Lenkje til nettstad hotell

Påmeldingsfrist er forlenga til onsdag 17. november 2021.

Kryss av for deltaking:

Dato:
1. desember 2021 18.00 - 2. desember 2021 15.15
Sted:
Quality Hotel Skjærgården, Langesund
Arrangør:
Den regionale støtteapparatet for Leve hele livet-reforma, helse- og omsorgsavdelinga
Målgruppe:
Kommunalsjefar, leiarar, kontaktpersonar for Leve heile livet-reforma, fagutviklarar, folkehelsekoordinatorar, planleggjarar, politikarar, organisasjonar med fleire.