Erfaringskonferanse om tiltak for å heve kompetansen innan lindrande behandling og omsorg ved slutten av livet

Dato:
25. november 2021 10.00 - 15.00
Sted:
Digital konferanse, eventuelt Oslo universitetssykehus dersom smittesituasjonen tillet det
Arrangør:
Regional kompetansetjeneste for lindrende behandling i Helse Sør-Øst, Statsforvaltaren i Oslo og Viken, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Målgruppe:
prosjektleiarar, leiarar og andre aktuelle aktørar. Kommunar som ønsker å søka middel i 2022 er òg velkommen til å delta

I samarbeid med Regional kompetanseteneste for lindrande behandling i Helse Sør-Øst og Statsforvaltaren i Oslo og Viken inviterer vi til erfaringskonferanse for kommunar som har fått tildelt prosjektmiddel i 2021.

Publisert 28.05.2021

Målet med konferansen er å ha dialog om tilskotsordninga og om prosjektarbeid. Vi vil òg presentera erfaringar frå nokre prosjekt.

Målgruppe for konferansen er prosjektleiarar, leiarar og andre aktuelle aktørar. Kommunar som ønsker å søka middel i 2022 er òg velkommen til å delta.

I 2021er det 35 prosjekt fordelte på 31 kommunar i regionen som har fått tilskotsmiddel.

Tidspunkt: Torsdag 25. november 2021, kl. 10:00-15:00, digitalt. Dersom smittesituasjonen tillèt det vil vi ta sikte på fysisk oppmøte, stad Oslo universitetssjukehus.

Følgjande tema er avklarte til årets program:

  • Nytt frå fagfeltet palliasjon
  • Statsforvalteren informerer om årets søknader, tildelingar og søknadene for neste år
  • 3 kommunar presenterer prosjekta sine

Påmelding: Konferansen har inga deltakaravgift, endeleg program vil bli lagt ut på konferansens eiga nettside etter sommaren. Her kan du og melda deg på. Du finn lenkje til nettsida i boksen "Lenker". 

Påmeldingsfrist 15. oktober 2021.

Oversyn over kommunar som har fått tilskot i 2021 finnar du her.  