Webinar 'Verdien av å investera i levande matjord'

Dato:
27. september 2021 16.30 - 19.15
Sted:
Direktesending i Teams
Arrangør:
Landbruksavdelinga, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark i samarbeid med Statsforvaltaren i Oslo og Viken
Målgruppe:
Gardbrukarar, grønnsaksdyrkere, tilsette hos Statsforvaltaren, kommunal landbruksforvaltning, næringsorganisasjonane i landbruket, landbruksrådgivingen og andre med oppgåver innan landbruket i Oslo og Viken, og Vestfold og Telemark
The soil food web
The soil food web

Foredrag med ein av dei fremste ekspertane i verda innan jordbiologi og jordhelse!

Saman med Statsforvalteren i Oslo og Viken har vi gleda av å invitera til webinar med Dr. Elaine Ingham 27. september.

Publisert 23.08.2021

Program

  • Introduksjon av jordas næringsnettverk , «The Soil Food Web», og samarbeidde mellom plantane og jordbiologien
  • La mikrobiologien jobba for deg! Ler korleis ein mangfaldig jordbiologi kan gi deg ein økonomisk gevinst og sunnare plantar
  • Introduksjon i kompostering, og moglegheiter med gardskompost i større skala
  • Næringsbalanse og risikoen for plantesjukdommar i gardskompost

Webinaret føregår på engelsk, men Ingham er ein entusiastisk foredragshaldar som er lett å forstå. Ho forklarer livet i jorda på ein enkel og pedagogisk måte, og kvifor det lønner seg å satsa på ei levande matjord. Elaine Ingham brenn for å visa samanhengen mellom jordbiologi og vegen til eit berekraftig landbruk.

Det blir moglegheit å stilla skriftlege spørsmål til Ingham etter foredraget hennar. Du kan skriva spørsmålet på norsk eller engelsk. Det blir lagt inn ein 15 minutts pause halvvegs i programmet. Webinaret føregår på ettermiddag/kveld på grunn av tidsforskjellen mellom USAs vestkyst og Noreg.

Påmelding

Webinaret er gratis, men du må melda deg på innan 23. september. Du melder deg på via det elektroniske skjemaet på nettsida til Statsforvalteren i Oslo og Viken her.

Lenke til webinaret mottar du på e-post eit par dagar før webinaret, til adressa du oppgir ved påmelding. Hugs å setja av tida i din eigen kalender.

OBS! Kontroller at e-postadressa du registrerer er riktig, slik at du mottar lenka til webinaret.

Dato:
27. september 2021 16.30 - 19.15
Sted:
Direktesending i Teams
Arrangør:
Landbruksavdelinga, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark i samarbeid med Statsforvaltaren i Oslo og Viken
Målgruppe:
Gardbrukarar, grønnsaksdyrkere, tilsette hos Statsforvaltaren, kommunal landbruksforvaltning, næringsorganisasjonane i landbruket, landbruksrådgivingen og andre med oppgåver innan landbruket i Oslo og Viken, og Vestfold og Telemark