Behov for stram økonomistyring i kommunane

 - Fleire kommunar i fylket har utfordringar med økonomien i dag. Kommuneopplegget i statsbudsjettet trekker ikkje i retning av at kommunane sitt økonomiske handlingsrom blir større til neste år. Behovet for stram økonomistyring blir minst like stort i 2024, seier fungerande statsforvaltar Fred-Ivar Syrstad.

Publisert 06.10.2023

Tala i forslaget til statsbudsjett for 2024, som Regjeringa la fram i dag, viser at rammene for kommuneøkonomien blir noko betre i inneverande år enn tidlegare anslått. Det har samanheng med høgare skatteinntekter og noko lågare prisvekst enn lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett.

Samtidig blir ikkje veksten i kommunane sine inntekter i 2024 større enn at dei går med til å dekke meirutgifter knytt til demografiutviklinga og pensjon, i tillegg til nokre mindre satsingar. Denne inntektsveksten tar utgangspunkt i anslaget på skatteinntekter frå revidert nasjonalbudsjett. Dette inneber at det økonomiske handlingsrommet for kommunane i praksis er venta å bli mindre i 2024 enn i år.

- Det er store variasjonar mellom kommunane, men vi ser at fleire av dei slit med meirutgifter innan område som til dømes barnevern og legetenester. Dei kommunane som får litt ekstra inntekter i haust bør forsøke å spare desse til seinare, for å sikre eit stabilt økonomisk grunnlag for dei kommunale tenestene framover, seier Syrstad.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.