Opnar for spesialistgodkjenning for sjukepleiarar

Sjukepleiarar med norsk autoriasasjon og med mastergrad i avansert klinisk sjukepleie (AKS) kan søkje om offentleg spesialistgodkjenning. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.10.2021

For fyste gong kan sjukepleiarar få ein spesialistgodkjenning frå Helsedirektoratet.

Godkjenninga vert gitt til sjukepleiarar som har oppnådd breiddekompetanse til å handtere sjukepleiefaglege problemstillingar på individ-, gruppe- og systemnivå. Målet er at dette vil bidra til å styrke kvaliteteten på helse- og omsorgstenestene i kommunane. 

Les meir om søknadskriterier og korleis sende søknad på Helsedirektoratet sin nettstad. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.