Fagopplæring og lærekandidatordninga

To håndverkere som jobber men en konstruksjon

Opplæringslova seier at ungdom som har fullført grunnskule har rett til vidaregåande opplæring. Denne artikkelen beskriv nokre sentrale avgjerder i lovverket for fagopplæring med særleg vekt på lærekandidatordninga.

Publisert 16.11.2021

Overgang frå skule til bedrift

Dersom du vel yrkesfag er det vanlege at du går dei to første åra på skule, før du har opplæring i bedrift, sjå oppll. § 3-3. Når du er ferdig med Vg2 er det vanleg å  bli lærling, praksisbrevkandidat eller lærekandidat i ei bedrift.

Dei som får opplæring i bedrift kan delast inn i fire ulike kandidattypar:

  • Lærlingar (avsluttar med fag- eller sveineprøve)
  • Kandidatar for fagbrev på jobb (avsluttar med fag- eller sveineprøve)
  • Praksisbrevkandidatar (avsluttar med standardisert prøve på lågare nivå enn fag- eller sveineprøve)
  • Lærekandidatar (avsluttar med individuell tilpassa prøve på lågare nivå enn fag- eller sveineprøve)

Meir informasjon om skiljet mellom ordningane finn du på Udir sine sider.

Forskrift til opplæringslova § 3-50 slår fast at du som lærling skal prøvast etter læreplanen for opplæring i bedrift. Lærekandidatar skal prøvast i opplæringsmåla som er fastsette for den enkelte. Undervisninga lærekandidaten får skal vera i samsvar med opplæringskontrakten, sjå oppll § 4-2. Lærekandidaten har i tillegg rett til spesialundervisning etter kap. 5 i oppll. Lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar skal ha tilgang til PPT.

Opplæringskontrakten til lærekandidaten kan endrast i løpet av kontraktstida til ordinær lærekontrakt med fagbrev eller sveinebrev som mål, eller til opplæringskontrakt med praksisbrev som mål, etter samtykke frå fylkeskommunen, jf. oppll § 4-6.

Du har ikkje rett til å bli lærekandidat. Søkjare med rett som ikkje får læreplass skal få tilbod om å fullføre opplæringa si i skole (alternativ Vg3).

Klage

Statsforvaltaren behandlar klaga di om du meiner du ikkje får oppfylt retten til vidaregåande opplæring, sjå oppll § 15-2, ref. § 3-1. Statsforvaltaren behandlar ikkje klagar på innhaldet i opplæringa du får tilbod om, til dømes kva skole eller kva programområde du blir tatt inn på.

Dersom du ikkje er nøgd med opplæringstilbodet du får, tar du kontakt med fylkeskommunen. Ei klage på inntak skal alltid gå via fylkeskommunen som fattar vedtak. Skal klaga behandlast av Statsforvaltaren, sender fylkeskommunen saka di vidare til oss.

Ta kontakt!

Om lærekandidatordninga kan vera aktuell for deg kan du kontakte fylkeskommunen for å finne meir ut om korleis ordninga er innretta og organisert i ditt fylke.

Hvis du trenger råd og rettleiing om retten til vidaregåande opplæring eller om klage på inntak etter at du har kontakta fylkeskommunen, ta gjerne kontakt med Statsforvaltaren.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.