Regjeringa vil gi kommunane større fridom i arbeidet med utsette barn og unge

0–24-samarbeidet skal sørga for betre oppfølging av utsette barn og unge.

Pilot for programfinansiering arbeider for å skape større fridom for kommunane i det tverrfaglege arbeidet deira for utsette barn og unge mellom 0-24 år. Fire fylke er med i forsøket. Vestfold og Telemark er eitt av dei. Frå fylket vårt deltek Bamble, Horten, Larvik og Siljan kommunar.

Publisert 06.05.2021

Regjeringa har sett at korleis arbeidet blir finansiert kan svekkje det tverrfaglege tilbodet til utsette barn og unge. Fem direktorat jobbar saman for å endre modellen for finasiering.  Nye måtar blir sjekka ut i Pilot for programfinansiering.

I Vestfold og Telemark deltek Bamble, Horten, Larvik og Siljan kommunar. Dei starta arbeidet våren 2020. Utbrotet av covid-19 har påverka framdrifta, men no er alle godt i gong. Piloten blir avslutta 30.06.2023.

Her er ei oversikt over nokre av tiltaka i dei fire kommunane:

Bamble

  • Bamble vil lage ei kartlegging for å fange opp ungdom som står i fare for å falle ut av skulen.
  • Dei skal prøve ut IPS (individual-placement support) som metodikk for å støtte ungdom som har slutta vidaregående skule eller som står utanfor arbeid.
  • Det er laga ein rettleiar for urovekkjande skulefråvær.
  • Bamble jobbar med å organisere arbeidet med utsette barn og unge best mogeleg.

Horten

  • Horten skal lage ein temaplan for arbeidet med utsette barn og unge. Satsingsområde er bl.a.: folkehelse, utdanning, auka gjennomføring i vidaregåande og arbeid. Planen vil skildre korleis heile kommunen og i samarbeid med andre, skal jobbe på området.
  • Nokre mål i planen:
    • Heilskaplege, koordinerte, tilgjengelege og tilpassa tenester for barn og unge og familiane deira.
    • Innan 2030 fullfører 90% vidaregåande opplæring.
    • Fleire unge i arbeid eller utdanning: Innen 2030 skal den delen av unge i alderen 16-25 år som er i utdanning eller arbeid vere minst 92%.

Larvik

  • Larvik jobbar med å koordinere samhandlinga, mellom anna ved å få på plass gode verktøy, strukturar og arenaer. Utfordringane handlar om å gjennomføre det ein er einige om i praksis. 
  • Larvik har etablert eit ungdomspanel som skal delta i heile pilotperioden. Det er også eit mål å ha med frivillig sektor i planlegging og gjennomføring.
  • Det blir arbeidt med å auke barnehagedeltakinga for minoritetsspråklege barn.
  • Ung Arena skal etablerast. Ung Arena er ein treffstad som skal arbeide mot ungdomen i kommunen.

Siljan

  • Siljan sin plan for arbeidet heiter Pilot i eige liv. Det er mellom anna laga konkrete mål for desse arbeidsområda: Samhandling og medverknad, Nærvær, Foreldrestøtte.
  • Kommunen har laga team som skal være ei støtte i arbeidet med å auke nærværet i skulen og hinder fråfall på vidaregåande.
  • Det er utarbeidt ein rettleiar med felles praktiske og konkrete retningslinjer for førebygging av alvorleg skulefråvær og tiltak for elevar som har eit slikt fråvær.
  • Det er laga rutinar for oppfølging av ungdom 16-24 år som står utanfor utdanning og arbeid.
  • Det er utdanna Cos-p-veiledere (Circle of Security - parenting). Dei skal jobbe med rettleiing av foreldra og meistring av foreldrerolla. Det skal også lagast ei heimeside der foreldra kan finne støtte.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.