Bonde får bygge utan først å regulere

Bilete: Pixabay.com
Bilete: Pixabay.com

Ein gardbrukar i Gran kommune har fått byggeløyve og kan dermed flytte drifta si til nordsida av eigedommen. For å sleppe å utarbeide reguleringsplan først, stilte Statsforvalteren vilkår for løyvet.

Publisert 29.03.2022

Gardbrukaren fekk byggeløyve av kommunen, men løyvet blei påklaga av naboar som påstod at det må utarbeidast reguleringsplan før løyve kan givast. Bakgrunnen for klagen er blant anna at gardbrukaren i tillegg til nytt fjøs og ny gjødselkum, ville sitte att med eksisterande fjøs og gjødselkum. Det vil gjere det mogleg for gardbrukaren å auke omfanget av drifta monaleg.

 

Nokre bygg og anlegg må regulerast

I plan- og bygningslova heiter det at for å gjennomføre større bygge- og anleggstiltak som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn, krevjast det reguleringsplan. Dette gjeld og for driftsbygningar og -anlegg i landbruket.

Statsforvaltaren er samd med naboane om at omfanget og verknadene av fjøset og gjødselkummen, gjer at det i utgangspunktet først må utarbeidast reguleringsplan.

I vår klageavgjerd peikte vi på at fjøset og kummen vil kunne ha vesentleg betydning for trafikk, støv, støy og lukt for naboane. Etter vårt syn burde kommunen sjå nærmare på desse forholda gjennom ein planprosess. Samanlikna med byggesakhandsaming vil kommunen ved planprosess kunne vurdere verknadene av eit eller fleire tiltak i et større perspektiv, og sørge for betre medverknad frå partane som saka vedkjem.

 

Løyvet ble gitt på vilkår

Når Statsforvaltaren likevel ikkje kravde at det først må utarbeidast reguleringsplan, skuldast det at vi valde å sette vilkår for byggeløyvet. Formålet med vilkåra er å motverke ulempene ved moglegheita for monaleg auke i omfanget av gardsdrifta.

Det første vilkåret er at eksisterande driftsbygningar ikkje kan brukast til dyrehald. Det andre er at eksisterande gjødselkum ikkje kan brukast til lagring av gjødsel, eller noko anna som gir tilsvarande ulemper, til dømes lukt og trafikk.

Med desse vilkåra fall store deler av behovet for planprosess bort, slik at gardbrukaren fekk innvilga byggeløyvet utan å utarbeide reguleringsplan først.

 

Ønsker du å lese Statsforvaltarens klageavgjerd? Klikk her.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.