Lokalmatens veg over dørstokken og inn i det kommunale kjøkenet

På møtet informerte Ole Torgeir Dokkebakke, innkjøpskoordinator i Valdres, om moglegheitene for å kjøpe inn lokalmat i kommunal sektor. I pausen gjekk praten om avtaler og regelverk. Frå venstre: Helge Holte, Bakeriet i Valdres, Ole Torgeir Dokkebakke og Jan Håheim, Vang kommune.
På møtet informerte Ole Torgeir Dokkebakke, innkjøpskoordinator i Valdres, om moglegheitene for å kjøpe inn lokalmat i kommunal sektor. I pausen gjekk praten om avtaler og regelverk. Frå venstre: Helge Holte, Bakeriet i Valdres, Ole Torgeir Dokkebakke og Jan Håheim, Vang kommune. Foto: Guri Grønolen.

Korleis få meir lokalmat på menyen i kommunane? Dette stod på dagsorden då Statsforvaltaren i Innlandet samla lokalmatprodusentar, kjøkenleiarar, kokkar og matfagarbeidarar i Valdres til møte 4. oktober på Fagernes.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.10.2022

Målet med møtet var å informere om moglegheitene for å kjøpe inn lokalmat i kommunal sektor, dele erfaringar og bli betre kjent.

Neste treffpunkt blir under Snøggtreff 6. desember på Beitostølen der Statsforvaltaren i Innlandet m.fl. inviterer til inspirerande foredrag. Det blir også møte som er avtalte på førehand mellom produsentar, serveringsbedrifter og kommunane i Valdres.

Lokalmat i kommunane blir også eit av fleire spanande tema på samling for kjøkenleiarar i Innlandet 3. og 4. november. Det er Statsforvaltaren som inviterer til denne samlinga. Sjå info til høgre.