Nettseminar om næringsutvikling i landbruket

Dato:
27. august 2026 09:30 - 11:00
Sted:
Digitalt via Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren, fylkeskommunen og Innovasjon Norge
Målgruppe:
Tilsette på landbrukskontor i kommunane
Påmeldingsfrist:
27. august 2026 09:30

På årets tredje nettseminar vil vi blant anna få høyre nytt frå Innovasjon Norge og tips til innhald i søknad om RT-midlar og fjellandbruksmidlar. 

Publisert 03.07.2026

Program

I tillegg til nytt frå Innovasjon Norge og tips til søknadsskriving, kan vi love eit spennande og aktuelt tema til, som førebels ikkje er heilt klart. Programmet er under arbeid og blir ferdig etter sommarferien. 

Mål med seminaret

Målet er å informere, inspirere og engasere kvarandre for å bidra til utvikling i landbruket og landbruksbaserte næringar. Vi ønsker dialog, og vi tek gjerne i mot forslag til tema frå kommunane. Dersom det er kommunar som ønsker taletid for å dele erfaringar og tips, så ta kontakt med oss. 

Påmelding

Påmeldinga er ope fram til seminaret startar den 27. august. 

Legg arrangementet i kalenderen din

Ved påmelding skal alle få kvittering pr. e-post. I e-postmeldinga ligg det lenke slik at du kan laste ned kalenderinvitasjonen til eigen kalender, som inkluderer lenke til Teams.

Datoar for nettseminar om næringsutvikling i 2026

Årets fjerde og siste nettseminar kjem 13. november, og blir publisert i kurskalenderen til Statsforvaltaren etter sommaren. Set gjerne av datoen 13. november kl. 09.30-11.00 i eigen kalender allereie nå. 

Dei to første seminara hadde vi 15. januar og 15. april. 

Vel møtt!

Påmelding nettseminar om næringsutvikling

Dato:
27. august 2026 09:30 - 11:00
Sted:
Digitalt via Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren, fylkeskommunen og Innovasjon Norge
Målgruppe:
Tilsette på landbrukskontor i kommunane
Påmeldingsfrist:
27. august 2026 09:30

Kontaktpersoner