Tilråding om frivillig vern av sju skogområde

Forslaget gjeld eit areal på totalt 61 417 dekar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.08.2015

Med bakgrunn i ordninga for frivillig vern av skog
tilrår Fylkesmannen i Aust-Agder følgjande sju skogområde for vern som naturreservat;

  1. Eikelidalen naturreservat, Åmli kommune, kart
  2. Eikåsen naturreservat, Tvedestrand kommune, kart
  3. Langebergheia-Mannfallnuten naturreservat, Birkenes og Froland kommuner, kart
  4. Ljosådalen naturreservat, Valle kommune, kart
  5. Rislåknuten naturreservat, Birkenes kommune, kart
  6. Stuvåna naturreservat, Åmli kommune, kart
  7. Urdvatn og Kallingshei naturreservat, Åmli kommune, kart

Forslaget inneber vern av skogområde på totalt 61 417 dekar fordelt på dei kommunane det gjeld med særegne, og store verneverdiar. Områda har gjennomgått ei verdivurdering etter ein skala der * betyr lokalt viktig, ** regionalt viktig og *** er nasjonalt viktig, **** internasjonalt viktig. Områda er registrert med miljøverdiar i spennet mellom lokalt viktige * til nasjonalt viktige *** verneverdiar.

Tilrådninga omfattar ein gjennomgang av verneprosessane med vurderingar og konklusjonar, ein kort omtale av området, ein samanfatning av innkomne høyringsuttaler, forslag til verneforskrifter og vernekart.