Endring av vernegrenser for Hisdal naturreservat i Bykle

Høyring av forslag til endringar ligg ute til 15. april 2014.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.02.2014

Hisdal naturreservat (NR) blei verna 19.12.2008, og dekkjer eit totalareal på ca 16 228 dekar.

I samband med grensemerking har det oppstått avvik mellom vernekartet og jordskiftekartet frå Aust-Agder jordskifterett.

Endringane i vernegrensene vil óg påverke avgrensinga av Steinsbuskardet–Hisdal biotopvernområde og Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde.

Miljødirektoratet har bede Fylkesmannen å utarbeide felles høyringsforslag, og gjennomføre høyring av forslag om endring av vernegrenser for dei tre verneområda i tråd med jordskriftekartet.

Her kan du lese brevet som er sendt ut til grunneigarar og andre interessenter. Under ligg også lenker til karta.

Oversikt over endring i grenser for dei tre verneområda.
Grensekart over Hisdal NR fra Aust-Agder jordskifterett
Forslag revidert vernekart over Hisdal NR
Forslag revidert vernekart over Steinsbuskardet-Hisdal biotopvernområde

Merknadar / uttaler kan sendast på e-post til: fmaapost@fylkesmannen.no eller i posten til: Fylkesmannen i Aust-Agder Postboks 788, Stoa 4809 Arendal. Merk saken 2012/984.