Margit Dale fekk pris for arbeid med lokal matkultur

Innovasjon Norges bedriftsutviklingspris i landbruket i Agder for 2021 gjekk til matformidlaren frå Valle.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.11.2021

Margit Dale skaper merksemd rundt lokale mattradisjonar og råvarer gjennom oppbygging av merkevare og arbeid på garden Systog Dale.  

Formidlar og jeger

– Det handlar ikkje berre om at eg vil dele nokre oppskrifter med dykk. Eg ynskjer noko meir. Eg ynskjer å ta dykk med for å oppleve, og kanskje lære noko om alt det som skjer før maten lagast i eit kjøkken, sier prisvinneren om sitt arbeid.

Margit Dale overtok gården Systog Dale allereie i 2002, og starta med å byggja nytt sauefjøs. Seinare har ho investert i oppgradering av hyttene på Kallefoss camping og ombygging av det gamle uthuset til matforedling, servering og galleri.

I serveringa vert det så langt som mogeleg brukt egne og lokale råvarer, i tillegg til innkjøp frå lokale butikkar. Margit Dale er ein habil jeger som årleg deltek på villreinjakt i Setesdal Vesthei. Hennar filosofi er at alle delar av råvarer skal brukast i matproduksjon.

Om prisen

Innovasjon Norge deler ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdene og landbruket sine ressursar. Kvart år blir det kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner. Dei fylkesvise vinnarane kjempar deretter om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.

Lenke til heile pressemeldinga frå Innovasjon Norge