Opptak av webinar om kunnskapsgrunnlag for jordvern

Kartløysinga Kilden – arealinformasjon, databasar og statistikk – nyttig i kommunane sitt arbeid med arealforvaltning.

Publisert 27.01.2022

I november 2021 arrangerte NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) to webinar om kunnskapsgrunnlaget for jordvern saman med Statsforvaltaren i Agder og Statsforvaltaren i Rogaland. Tema for webinara var NIBIO si kartløysing Kilden med arealinformasjon, databasar og statistikk som er nyttig for kommunane sitt arbeid med jordvern i arealforvaltninga.

Det blei ein god deltaking på webinara, som passa for både tilsette i kommunen og alle som er engasjert i arealforvaltning. For interesserte som ikkje fekk deltatt, er vi glade for å kunne tilby webinara i opptak (sjå lenker under).

Del 1: Kva er AR5, arealbarometer, Kilden med meir?

Tema:

  • arealressurskartet AR5 og kva som kjenneteiknar dei ulike typane dyrka jord
  • vurdering av jordkvalitet i område som ikkje er jordmonnkartlagt ved bruk av klimasoner og og eigenskaper i AR5
  • dyrkbar jord og aspekt ved nydyrking
  • måling av faktisk nedbygd jordbruksareal og omdisponeringstala
  • arealbarometer, statistikk for produksjonsgrunnlaget for jordbruk på kommunalt, regionalt og nasjonalt nivå
  • demonstrasjon av kartløysinga Kilden til arealinformasjon og verktøya

Sjå del 1 av webinaret i opptak på YouTube

Del 2: Korleis nyttegjere seg av jordsmonnskart?

Tema:

  • jordmonnkart for kommunar kor dette er utarbeida
  • bruk av jordsmonnkart for verdsetting av jord når jordressursen skal vegast opp mot andre omsyn
  • praktisk bruk av jordsmonnkart i arealplanlegginga
  • jordmonndanning og jordeigenskaper
  • jordvern i eit langsiktig perspektiv

Sjå del 2 av webinaret i opptak på YouTube

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner