Fagopplæring og lærekandidatordninga

Opplæringslova seier at ungdom som har fullført grunnskule har rett til vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova (oppll.) § 3-1. Denne artikkelen beskriv nokre sentrale avgjerder i lovverket for fagopplæring, og særleg på lærekandidatordninga.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.11.2021

Overgang frå skule til bedrift

I yrkesfag går du dei to første åra på skule, før opplæring i bedrift, sjå oppll. § 3-3. Etter Vg2, går du frå elev til å bli lærling, praksisbrevkandidat eller lærekandidat.

 

Som lærling har du skrive lærekontrakt med sikte på fag/sveineprøve, jf. oppll § 4-1. Lærekandidatar og praksisbrevkandidatar skriv opplæringskontrakt med ei mindre omfattande prøve enn fag- eller sveineprøve. Skilje mellom ordningane er at lærekandidatordninga har individuelt tilpassa mål for den enkelte. Meir informasjon om skiljet mellom ordningane finn du på Udir sine sider:

 https://www.udir.no/regelverkstolkingar/opplaring/fag--og-yrkesopplaring/praksisbrev-udir-2-2017/praksisbrevordningen-kontra-larekandidatordningen/

 

Forskrift til opplæringslova § 3-50 slår fast at lærlingar skal prøvast etter læreplanen for opplæring i bedrift. Lærekandidatar skal prøvast i opplæringsmåla som er fastsette for den enkelte. Undervisninga lærekandidaten får skal vere i samsvar med opplæringskontrakten, sjå oppll § 4-2. Lærekandidaten har i tillegg rett til spesialundervisning etter kap. 5 i oppll. Både lærlingar og praksisbrevkandidatar skal ha tilgang til PPT.

Opplæringskontrakten til lærekandidaten kan endrast i løpet av kontraktstida til ordinær lærekontrakt med fag/sveinebrev eller opplæringskontrakt med praksisbrev som mål, etter samtykke frå fylkeskommunen, jf. oppll § 4-6.

 

Klage

Meiner du at du  ikkje får oppfylt retten til vidaregåande opplæring, sjå oppll § 15-2, ref. § 3-1, vil Statsforvaltaren behandlar klaga di. Statsforvaltaren behandlar ikkje klager på innhaldet i jopplæringa du får tilbod om, til dømes kva skole eller kva programområde du blir tatt inn på.

Er du ikkje er nøgd med opplæringstilbodet tar du kontakt med fylkeskommunen. Klage på inntak skal alltid gå via fylkeskommunen som fattar vedtak. Skal klaga behandlast av Statsforvaltaren, sender fylkeskommunen saka di vidare.

Lærekandidat er ikkje eit tilbod som du kan søkje på i inntaket til vidaregåande opplæring, men noko fylkeskommunen kan velje å tilby deg når du skal ut i bedrift. Du har ikkje rett til å bli lærekandidat.

Om lærekandidatordninga kunne vore aktuell for deg, er det viktig at du finn ut meir om korleis ordninga er innretta og organisert i ditt fylke. Agder fylkeskommune har lagt ut informasjon om ordninga i Agder, sjå https://agderfk.no/vare-tjenester/skole-og-opplaring/opplaring-i-bedrift/larling-og-larekandidat/hva-vil-det-si-a-vare-larekandidat/

 

Ta kontakt!

Ta gjerne kontakt med Statsforvaltaren for råd og rettleiing om du lurer på noko meir om retten til vidaregåande opplæring eller om lærekandidatordninga.