Samling om marin forsøpling

Dato:
30. august 2022 12.00 - 16.00
Sted:
Thon hotell Nordlys, Bodø
Arrangør:
Statsforvaltaren i Nordland, Nordland fylkeskommune og Senter mot marin forsøpling
Målgruppe:
Aktørar innan strandrydding og marin forsøpling
Påmeldingsfrist:
6. august 2022 00.00
Strandrydding med kayak
Strandrydding med kayak Foto: Statsforvalteren i Nordland.

Den 30. august inviterer vi strandryddarar, avfallsselskap, miljøetatar, friluftsråd og representantar frå oppdrett, fiskeri og teknologiutvikling i Nordland til ei samling om marin forsøpling i Bodø. 

Publisert 03.06.2022

Ved å invitere aktørar innan strandrydding og marin forsøpling i Nordland til ei felles samling, ønsker vi:

  • å lage ein møteplass for utveksling av erfaringar og idear
  • å bidra til å utvide nettverket for arbeidet med forsøpling og opprydding i Nordland
  • å høyre frå ulike aktørar i Nordland innan feltet
  • å legge til rette for gode diskusjonar

Meld deg på samlinga ved på registrere deg i dette skjemaet:

https://forms.gle/2KjbwjDX79oTw23R7

Det er eit avgrensa tal plassar på samlinga, og førstemann til mølla-prinsippet gjeld. Det er gratis å delta. 

Programmet for samlinga blir ettersendt til dei påmelde i august og publisert på Statsforvaltaren sine nettsider. Blant temaa som er på plakaten foreløpig, er

  • evaluering av tilskotsordninga for tiltak mot marin forsøpling
  • frivillig strandrydding
  • marin forsøpling frå landbruksplast
  • om aktørar, verkemiddel og ansvar
  • om arbeidet med marin forsøpling i Sverige
  • om miljø- og historieprosjektet Gaia Vesterålen

 

 

 

Dato:
30. august 2022 12.00 - 16.00
Sted:
Thon hotell Nordlys, Bodø
Arrangør:
Statsforvaltaren i Nordland, Nordland fylkeskommune og Senter mot marin forsøpling
Målgruppe:
Aktørar innan strandrydding og marin forsøpling
Påmeldingsfrist:
6. august 2022 00.00

Kontaktpersoner