Bevaring av verdifull natur - Oppstart av verneprosess for Reinvikgrotta
- Høringsfrist:
- 10. april 2026
Statsforvaltaren har sendt ut melding om oppstart av verneprosess for Reinvikgrotta i Sørfold kommune.
Oppstartsmeldinga med vedlegg finst i høgremargen. Reinvikgrotta vart midlertidig verna 5. juni 2025, og inngangane stengt, for å unngå at den vart øydelagt før eit eventuelt vern. Lenke til midlertidig verneforskrift finn du i høgremargen.
Reinvikgrotta er ei nyoppdaga grotte med svært lite slitasje så langt. Den ligg på nordsida av Leirfjorden i Sørfold kommune og inneheld dyrerestar, gammal dryppstein (så langt datert til siste mellomistid), sediment og har godt utvikla morfologi. Reinvikgrotta har potensial til å bli Norges nest lengste grotte. Denne grotta reknast som svært verneverdig på grunn av den er relativt urørt. Urørte grotter som inneheld dryppstein og sediment er særleg viktig for vitskapen då dei fungerer som eit naturarkiv for kunnskap om korleis klima, fauna, flora og isbrear har utvikla seg gjennom dei siste millionar år.
Aktuell verneform vil vere naturreservat (§ 37 i naturmangfoldlova). Dette inneber eit strengt vern og grotta vil sannsynlegvis vere stengt for ferdsel for å hindre at verneverdiane vert øydelagde. Naturreservat har som formål å verne område som inneheld trua, sjeldan eller sårbar natur eller på ein annan måte er særleg viktig for biologisk mangfald. Tradisjonelt friluftsliv, jakt, bær- og matsopplukking og beiting vil vere tillate.
Eventuelle kommentarar til oppstartsmeldinga og innspel til verneplanarbeidet kan sendast skriftleg til Statsforvaltaren i Nordland, Postboks 1405, 8002 Bodø eller sfnopost@statsforvalteren.no innan 10. april 2026.
- Høringsfrist:
- 10. april 2026