Nye inntektsgrenser for fri rettshjelp

Foto: Marthe Mølstre.

Frå nyttår blir inntektsgrensa for einslege heva til 320.000 kroner. Inntektsgrensa for ektefellar og sambuarar blir 490.000 kroner.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.12.2021

I nokre typar saker kan du få økonomisk støtte til juridisk rådgiving eller støtte til å føre ei rettssak for domstolane. For å få fri rettshjelp må du ha ei inntekt som ligg under inntektsgrensene i rettshjelplova. Frå nyttår blir inntektsgrensene endra. 

  • Inntektsgrensa for einslege blir 320.000 kroner.
  • Inntektsgrensa for ektefellar og sambuarar blir 490.000 kroner.

I bestemte sakstypar får du fri rettshjelp uavhengig av kva du har i inntekt og formue.

Samstundes med at inntektsgrensa går opp, aukar den offentlege salærsatsen frå 1085 til 1121 kroner frå 1. januar 2022.

Bruk gjerne rettshjelpskalkulatoren vår for å finne ut om du kan ha rett på fri rettshjelp. Merk at dei nye satsane gjeld frå 1. januar. Ta kontakt med Statsforvaltaren eller ein advokat dersom du treng fri retthjelp. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.