Kunngjering av tilskot til kommunalt rusarbeid
- Søknadsfrist:
 - 10. februar 2021
 - Målgruppe:
 - Menneske med rusmiddelrelaterte problem i kommunane
 - Ansvarleg:
 - Helse og sosialavdelinga
 - Kven kan søke:
 - Kommunane i Møre og Romsdal
 - Rapporteringsfrist:
 - 10. februar 2021
 
Mål for ordninga er auka kapasitet og varig kapasitetvekst i kommunen sitt tenestetilbod, slik at menneske med rusmiddelrelaterte problem får eit heilskapleg, tilgjengeleg og individuelt tilpassa tenestetilbod.
Ordninga skal understøtte måla i Prop. 15S (2015-2016) Opptrappingsplan for rusfeltet (2016-2020) med vekt på styrka innsats ut frå lokale mål på områda:
- auka brukar-og pårørandemedverknad i tenestene
 - tidleg innsats retta mot utsette individ og grupper
 - tverrfagleg, ambulant, teambasert behandling og oppfølging
 - tenester knytt til bustad
 - tiltak retta mot inkludering i arbeid, aktivitet og utdanning
 - lågterskeltilbod
 
Kommunar kan velje å inngå interkommunalt samarbeid med privat, frivillig og/eller ideel sektor, men kommunen skal vere både søkar og mottakar og har rapporteringsplikt for tilskotet.
Tilskotet skal bidra til varig kapasitetsvekst i tenestene og er ikkje retta mot tidsavgrensa prosjekt. det ligg i regelverket at eigenfinansieringa skal aukast i takt med at midlane vert avkorta.
Kommunen må sørge for ei gradvis innarbeiding av stillinga(ne) i kommunen si økonomiplan, slik at auka kapasitet i tenestene bli av varig karakter. Det ventas at kommunane nytter auka rammeoverføringar til å styrke tenestetilbodet til målgruppa.
Vi ber om at kommunar som har fleire søknadar til denne tilskotsordninga sender ein samla søknad og viser til ein felles kontaktperson.
I høgremenyen finn du økonomirapport for tilskot mottatt i 2020 som skal følge søknad for 2021.
Elektronisk søknadsskjema ligg på Helsediektoratet sine heimsider. Følge lenke i høgremenyen. Der ligg også fullstendig utlysningstekst og regelverk for ordninga.
- Søknadsfrist:
 - 10. februar 2021
 - Målgruppe:
 - Menneske med rusmiddelrelaterte problem i kommunane
 - Ansvarleg:
 - Helse og sosialavdelinga
 - Kven kan søke:
 - Kommunane i Møre og Romsdal
 - Rapporteringsfrist:
 - 10. februar 2021