Gyda – godt handtert!

- Vi har ein god beredskap i fylket. Men vi vil lære, òg av erfaringane etter Gyda. Då vert vi best mogleg budd når neste uvêr kjem, seier fylkesberedskapssjef Stine Sætre.
- Vi har ein god beredskap i fylket. Men vi vil lære, òg av erfaringane etter Gyda. Då vert vi best mogleg budd når neste uvêr kjem, seier fylkesberedskapssjef Stine Sætre. Foto: met.no og Anita Grønland.

– Tidleg varsling og godt førebyggande arbeid gjorde saman med god krisehandtering at ekstremvêret Gyda ikkje fekk gjort enda større skader, seier fylkesberedskapssjef Stine Sætre.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.01.2022

Ekstremvêret Gyda er over. Fylkesberedskapssjefen er nøgd med god varsling og gode rutinar og planar i kommunar, og godt samvirke mellom beredskapsaktørar i heile fylket.

Ros for innsatsen

– I Surnadal kommune vart situasjonen verre enn det prognosane tilsa. Samla sett har det likevel gått betre i fylket enn frykta. Alle beredskapsaktørar fortener ros for god innsats og godt samarbeid desse dagane, seier Sætre. 

Evakuering av personar og husdyr var noko av det som blei mest krevjande i uvêret. Det måtte til både i Surnadal, Ålesund, Molde og Sunndal kommunar.

Statsforvaltaren samordnar og legg strategi

I situasjonar som dette arbeider Statsforvaltaren med samordning og overordna strategi.

– Vi har hatt fleire samverkekonferansar med alle kommunane sin kriseleiing, og med Fylkesberedskapsrådet, fortel Sætre.

Lærer og evaluerer

Lærdom frå tidlegare ekstremvêr kjem godt med.

– Vi kjenner til dei typiske områda der det kan bli utfordringar. Her gjer vi det vi kan for å forebygge og forberede når uvêr blir varsla. Fleire kommunar har også tatt skikkelege grep etter tidlegare uvêr, og til dømes investert i stikkrenner og nye bruer.  

Å førebu alternative vegar og kommunikasjonskanalar inn til område som kan verte isolert i samband med skred, er òg ein del av førebuinga før uvêr.

– Vi har ein god beredskap i fylket. Men vi vil lære, òg av erfaringane etter Gyda. Då vert vi best mogleg budd når neste uvêr kjem, seier fylkesberedskapssjef Stine Sætre.

NB: Allereie sundag 16. januar er det orange varsel om svært kraftig vind i Møre og Romsdal. Hald deg oppdatert på varsom.no