Eit hav av moglegheiter til å støtte årets TV-aksjon

Havet er fantastisk, og vi er alle avhengig av det. Årets TV-aksjon går av stabelen den 18. oktober. I år samlar vi inn pengar som er øyremerka avfallshandtering i Søraust-Asia. Slik skal det bli mindre plast i havene.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.10.2020

Plastforsøpling truar både livet i havet – og oss menneske. Frå nokre få område i Søraust-Asia kjem over ein fjerdedel av plasten vi finn i hava. Plasten flyttar seg med havstraumane. Vi må derfor jobbe globalt for å hanskast med problema.

 

Digitale bøsser

Det kjem ingen bøsseberar til deg i år. Ikkje kan du gå rundt med bøsse sjølv heller. Likevel er det flust med moglegheiter for å bidra i årets innsamlingsaksjon.

Enten du er privatperson, eller representerer ein eller anna form for organisasjon eller verksemd, kan du bli digital bøsseberar på blimed.no. Der kan du samle inn pengar i eige nettverk ved bruk av Spleis-tenesta, og pengane går direkte til TV-aksjonen. 

«bøssesentralen» kan du finne ein lokal bøsseberar som du kan gje til.

 

Kvifor bry seg?

Gemini, forskingsnytt frå NTNU og Sinteff, har samla alle nyheitssakane sine om plastforureining her. Er du usikker på om det er verd å bry seg, kan du ta ein titt her.