Kipervika i Ålesund - endra løyve til utfylling i sjø

Statsforvaltaren har etter klage frå Norges Fiskarlag og to hendingar med partikkelspreiing i sjøen gjort endringar på løyvet etter forureiningslova for Kipervika Eiendom AS til utfylling i sjø i Kipervika i Ålesund.

Publisert 12.06.2025

Statsforvaltaren fatta 17. desember 2024 vedtak etter forureiningslova om utfylling i sjø i Kipervika. Utgangspunktet i løyvet var at det ikkje skulle fyllast ut i sjø i gyte- og oppveksttida til borgundfjordtorsken, men det vart av ulike årsaker gjort eit unntak for den fyrstkomande sesongen, altså sesongen i 2025. Dette vart gjort under føresetnad av at det då vart nytta forsterka avbøtande tiltak, som mellom anna dobbelt siltgardin.

Norges Fiskarlag klaga 14. mars på vedtaket då dei ikkje fann det forsvarleg å gjere tiltak i sjøen uansett i denne perioden. Dette var over klagefristen, og klaga vart fyrst avvist, men fekk oppreising av Miljødirektoratet då saka er svært viktig for fiskarlaget, som er yrkesorganisasjon for fiskarar. Miljødirektoratet si avgjerd kom 26. mai og innebar at Statsforvaltaren skulle handsame klaga til tross for at det ikkje var send inn rettidig.

I slutten av mars vart arbeidet i Kipervika starta opp. Kort tid etter oppstart var det to hendingar der det vart partikkelspreiing utanfor siltgardina, godt synleg som blakka sjøvatn. Tiltakshavar stansa sjølv arbeidet etter desse hendingane.

På bakgrunn av klaga og hendingane med siltgardinet, fatta Statsforvaltaren 12.06.2025 vedtak om endring av løyvet. Løyvet vart endra slik at unntaket som opna for tiltak i sjø i gyte- og oppvekstperioden i 2025 vart fjerna.

Tiltaksarbeidet har planlagd oppstart igjen 16. juni, når gyte- og oppvekstperioden til torsken er ferdig.

Vedtaket frå Statsforvaltaren, med endra løyve, kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.

Det nye vedtaket kan klagast på av partane i saka eller andre med rettsleg klageinteresse innan tre veker. Ei eventuell klage skal sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Vi tar Miljødirektoratet si vurdering om at det bør gjerast direkte varsling av fiskarlaget ved høyring av slike saker til etterretning, og vil endre praksis når det gjeld dette.