Måkar som bråkar? Gjer noko no!

Viss du hadde problem med måkar i fjor, kan du gjere førebyggjande tiltak slik at måkane finn seg ein anna stad å hekke i år. Men du må gjere det no!
Viss du hadde problem med måkar i fjor, kan du gjere førebyggjande tiltak slik at måkane finn seg ein anna stad å hekke i år. Men du må gjere det no! Foto: pixabay.com.

Om du vil unngå bråkete måkar, må du gjere tiltak no. Når måkane først har begynt å lage reir, må du la dei vere i fred.

Sist endret 25.04.2023

Færre rovdyr på hekkeplassane gjer byen til ein ynda plass for måkane. I byen finn dei dessutan mat blant søppel og restar.

– På våren kan det verke som om måkane er overalt, men faktisk har fleire måkeartar blitt betydeleg færre dei siste åra. Både krykkje, hettemåke og fiskemåke er truga arter i Noreg, og dei fleste måkeartane slit med å produsere ungar. Difor er det ikkje lov å forstyrre hekkinga, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet til miljødirektoratet.no.

Ver snar no i april!

Måkar nyttar ofte dei same hekkeplassane over fleire år. Om du hadde problem med måkar i fjor, kan du gjere førebyggjande tiltak slik at måkane finn seg ein annan stad å hekke.

Hekkeperioden varer frå mai til midten av juli.

– Større utbygging av industri med flate tak, kombinert med nedbygging av bynær våtmark og mindre tilgjengeleg mat langs kysten har gjort at mange av fuglane har flytta inn til byen. Vi menneske må nok lære oss å leve med naturen tett på i byane også, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Aktuelle førebyggjande tiltak

Før måkane lagar reir kan du:

  • legge til rette for hekking andre stader ved å byggje måkeplattformar som blir sett opp på eigna stader
  • sette opp forstyrrande piggar på typiske sitteplassar, på gesimsar og takutstikk der fuglane ofte sit for å observere og følgje med
  • spenne trådar opp på taket med 30 cm mellomrom og 30 cm opp frå taket før hekking, men ikkje bruk nett som fuglane kan sette seg fast i
  • variere med ulike typar fugleskremsel før hekking

Desse tiltaka må altså skje i god tid før hekkesesongen på våren. Når måkane først har begynt å byggje reir, må du la dei vere i fred.

Les meir om måkar som bråker hos miljødirektoratet …

Les meir om kva du kan gjere med vilt som gjer skade her …

Kontaktpersoner