Viltforvaltning

Viltforvaltninga omfattar alle pattedyr, fuglar, krypdyr og amfibium. Det overordna målet i viltlova er at viltet og viltet sitt leveområde skal forvaltast slik at naturen sin produktivitet og artsrikdom blir tatt vare på.
Omsyn til viltet skal innpassast i kommunal og fylkeskommunal planlegging, og det vert utarbeidd kart over viktige viltområde i kommunane for å sikre viltinteressene i arealplanlegginga. Skogbruket har eit eige ansvar for å ta vare på viltet og anna biologisk mangfald ved drifta av skogsområda.
Jakt
Alt vilt er freda dersom ikkje anna er fastsett i lov eller vedtak med heimel i lov. Miljødirektoratet fastset jakttider for dei jaktbare artane, men kommunane kan forlenge eller forkorte jakttidene for enkelte artar. Kommunane styrer det meste av viltforvaltninga, medan fylkeskommunen har ein rettleiingsfunksjon for alle jaktbare artar med unnatak av villrein, grågås og store rovdyr. Statsforvaltaren er klageinstans for dei fleste vedtak kommunen fattar i medhald av viltloven.
Retten til jakt tilhøyrer grunneigarane. For å sikre ei forsvarleg utnytting av ressursane, er det ønskeleg at rettshavarane utarbeider driftsplanar. I dei fleste tilfella krev dette at fleire grunneigarar samarbeider om forvaltninga over eit større geografisk område. I fylke med villrein føregår forvaltninga stammevis over kommune- og fylkesgrenser. Det er villreinutvala til rettshavarane som står for den daglege forvaltninga, etter at driftsplan og kvotar er godkjende av ei statleg villreinnemnd. Alle som driv jakt og fangst, må vere registrert i jegerregisteret og betale ei årleg jegeravgift. I tillegg må ein løyse jaktkort eller innhente løyve av grunneigarane.
Skadd vilt, dødt vilt og fallvilt
Kommunen er ofte den som først får spørsmål om sjukt, skada eller dødt vilt. Kva oppgåver har eigentleg kommunen? Miljødirektoratet har laga ein nettbasert rettleiar om korleis handtere skadd eller sjukt vilt utanom ordinær jakttid.
Rettleiaren gjeld ikkje ettersøk av skadd storvilt, som har ein eigen rettleiar.
Kva om ein finn dødt vilt?
Vilt som er daudt tilhøyrer i utgangspunktet staten, men det er unntak:
- Om dyret er skote under ordinær jakt, er det du som eig viltet.
- Om dyret er felt under kvotejakt eller lisensfelling, er det du som eig skinnet.
- Om hjortevilt eller bever har dauda utanom ordinær jakt, så tilhøyrer dyret kommunen, jf. Lov om jakt og fangst av vilt (viltloven)
- Om dyret (arten) ikkje er kryssa av på lista over registreringspliktige artar, jf. tabell for artsliste i forskrift om ivaretakelse av dødt vilt.
Alt anna vilt må du søke om å få stoppe ut og eige. Dette gjeld til dømes:
- Vilt frå skadefelling
- Vilt avlivet fordi det er skada
- Vilt felt i naudverge
- Ikkje-jaktbare artar som er funne i naturen
Ta kontakt med ein preparant eller kommunen, om du er i tvil om kven som har eigarskap til det daude viltet.
Det er vi som må hindre at villreinen dør ut!
Reinen i fjella våre har problemer. Det fødes for få kalver, og de som blir født har lav vekt. Røde varsellamper blinker. Regjeringen lager nå en plan for å ta vare på reinen – og vi må alle bidra!
Publisert 26.04.2022, Sist endret 26.04.2022
Sjekk kor fuglane skal få hekke i fred
På Miljødirektoratet sine digitale kart kan du enkelt sjå kor du ikkje kan opphalde deg medan fuglane hekkar.
Publisert 18.04.2022, Sist endret 18.04.2022
Måkar som bråkar? Gjer noko no!
Om du vil unngå bråkete måkar, må du gjere tiltak no. Når måkane først har begynt å lage reir, må du la dei vere i fred.
Publisert 14.12.2021
Viktig hjortetrekk på Vatneeidet
Kva skal vere viktigast når området Eidsvika og Vatneeidet skal regulerast på nytt? Bustader eller naturmangfald? Midt i dette populære området ligg ein hjortekorridor.
Publisert 03.06.2021
Viltvenleg slått – berg rådyrkjea
Rådyrkje er svært utsett ved slått av eng. I denne artikkelen har vi samla ein del tips til korleis ein kan redusere problemet.
Publisert 26.06.2017
Opning for tidlegjakt på grågås
I kommunane Haram, Sandøy, Aukra, Vestnes, Rauma, Halsa og Smøla kan grågåsjakta starte 26. juli i område i tilknyting til innmark og inngjerda beite.
Publisert 21.03.2017
Ny forvaltningsplan for moskus på Dovrefjell
Det er eit politisk ynskje å ta vare på stammen av viltlevande moskus på Dovrefjell. Fylkesmannen i Sør-Trøndelag har utarbeidd framlegg til ny forvaltningsplan for moskus på Dovre som er sendt på høyring. Høyringsfristen er 1. juni 2017.
Publisert 29.03.2016
Bandtvang for alle hundar frå 1. april
Frå 1. april til og med 20. august er det generell bandtvang for alle hundar. I denne perioden skal hunden vere halden i band eller vere forsvarlig inngjerda eller innestengt.
Publisert 10.03.2009
Viktig avgjerd for villreinen
Miljøvernministeren gjorde 4 mars 2009 endeleg vedtak i ein reguleringssak i Torbudalen i Sunndal. Det vert ikkje opna for nye hytter i dette området. Med denne avgjerda er det sett ein standard for prioritering av villreininteressene.