Kvote for lisensfelling av jerv utvida med eitt dyr innanfor forvaltningsområdet

Rovviltnemnda i region 6 tildelte ein ny jerv til kvota for lisensfelling innanfor forvaltningsområdet for jerv i Møre og Romsdal i vedtak 11.01.2022.

Publisert 14.01.2022

Vedtaket inneber at lisensjakta er opna att, etter at opphaveleg kvote vart fylt 21.12.2021. Nemnda kan tildele ekstra kvote frå ei reservekvote som vart fastsatt i kvotevedtak 21.05.2021, og opprettheldt i KLD si klageavgjerd 08.09.2021. Når tildelinga ligg innanfor den fastsette totalkvoten er det ikkje klagerett på vedtaket av 11.01.2022.

Vi vil presisere at formuleringa i vedtaket om at det ikkje skal fellast tispe ikkje har verknad.

Det står p.t. att eitt dyr på felles tispekvote for forvaltningsområda i region 6. Dersom det blir felt tispe innanfor forvaltningsområda vil lisensfellinga der bli stengt.

Oppdatert informasjon om attståande kvote finn du på kvotetelefon 71 25 85 02. 

Protokoll frå rovviltnemnda sitt vedtak 11.01.2022 og nettartikkel med meir informasjon om lisensfelling av jerv finn du i menyen til høgre.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.