Hjelp til med nedkjemping av framande planteartar!

Framande artar regnast å vere ein av dei største truslane mot biologisk mangfald i Noreg og elles i verda. Her kan du lese meir om kva du kan gjere for å stoppe spreiinga!

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.07.2021

Spreier seg fort

Framande artar har stor evne til å spreie seg, og utkonkurere stadeigne artar. Det å få kontroll på spreiinga og nedkjempe artane der det er mogleg er derfor viktig. Og du kan hjelpe til!

Framande artar er artar som finns utanfor sin naturlege veksestad. Planteimport er ein av hovudkjeldene til spreiing av framande planteartar. Fleire planteartar har stort invasjonspotensiale og er vurdert å ha svært høg økologisk risiko. Her finn du meir informasjon om nokre av planteartane.

Prioriterte artar i 2021

Statsforvaltaren jobbar med nedkjemping og tiltak mot dei framande planteartane i Møre og Romsdal. I år har vi prioritert kjempespringfrø, kjempebjørnekjeks og rynkerose. Metodane som brukast mest, er å kappe ned førekomstane og/eller å nytte plantevernmiddel. Tiltaka hjelp, men vi treng også hjelp frå deg!

Kartlegging er viktig – meld frå!

For å vite kor og korleis ein skal nedkjempe framande artar, er det viktig å ha god oversikt over spreiinga. Du kan som privatperson være med å auke kunnskapen om utbreiinga av dei framande artane. Lær deg korleis dei ser ut, og registrer dei i Artsobservasjoner.

Har du aldri brukt Arsobservasjoner før? Sjekk ut Artsdatabanken sine videoar. Du kan også melde ifrå til Statsforvaltaren om funn av kjempebjørnekjeks i heile fylket og kjempespringfrø på Sunnmøre (sida det er få førekomstar der og vi vil unngå meir spreiing av arten til det området).

Det er viktig at du kartfestar funnet og tar nokre gode bilete. Ta gjerne med ei flaske, ein ryggsekk eller liknande på bileta slik at det er lett å sjå kor store plantene er (gjeld for kjempebjørnekjeks).

Skal du melde inn til Statsforvaltaren om framande artar, så gjer det ved å sende e-post til adressa ansgr@statsforvalteren.no.

Kva kan du gjere i kampen mot framande planteartar:

  • Ikkje plant forbode plantar på eigedommen din.
  • Fjern framande artar frå eigedommen din.
  • Ikkje dump hageavfall i naturen. Framande artar skal leverast til forbrenning på gjenvinningsstasjonar.
  • Lær deg korleis framande artar ser ut, og rapporter funn i Artsobservasjoner og/eller til Statsforvaltaren.
  • Sprei ordet om at framande artar bør fjernast og er ein trussel for naturen og det biologiske mangfaldet.
  • Meir informasjon om forbode planteartar og kva du kan gjere med framande artar, finn du her

For nærare skildring av korleis du kan hjelpe til med nedkjemping av kjempespringfrø og andre framande planteartar, sjå innlegg om Hagerømlingar.