Varsellampene blinkar i ny delrapport frå FNs klimapanel

Alvorlege klimaendringar er i full gang. Utsleppa av klimagassar har auka sidan siste hovudrapport frå klimapanelet som kom i 2014. Det er framleis mogleg å nå måla i Parisavtala, viss vi vil og gjer det som skal til.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.08.2021

Forskarane har aldri vore meir tydelege. Klimaendringane er menneskeskapte og vi har ekstremt kort tid på oss om vi skal klare å halde temperaturauken på under 1,5 grader. Klimapanelet gir no eit enda tydelegere og sikrare bilde av det tidlegare, noverande og framtidige klimaet.

Temperaturauke og meir ekstremvêr

Måndag 9. august 2021 kom den nye delrapporten frå FNs klimapanel om fysiske klimaendringar. Klimapanelet driv ikkje eigen forsking, men går gjennom all relevant faglitteratur innan klimaforsking og presenterer status. Du kan lese meir om FNs klimapanel her.

Global gjennomsnittstemperatur har allereie auka med 1,1 grad. Temperaturen stig raskare enn forskarane nokon gong før har observert. Auka i temperaturen er høgare enn tidlegare berekna. Episodar med ekstremvêr opptrer hyppigare og har blitt meir intense.

Framleis håp

Det er framleis mogleg å nå måla i Parisavtalen dersom vi straks sett i gang med kraftige tiltak. Likevel vil klimaendringane fortsette å auke i dei komande tiåra i alle verdas regionar. Tiltaka vi no sett i verk, og kor raskt vi gjer det, vil avgjere kor store klimaendringane vil bli på sikt.

Les meir om rapporten her, og sjå den norske pressekonferansen her.

Kor kraftige kutt må til?

Vi har 400 gigatonn igjen

Dersom vi med stor sannsyn (67 prosent) skal klare å stoppe auka i temperatur på 1,5 grader, så kan vi ikkje sleppe ut meir enn 400 gigatonn CO2 i resten av vår levetid. I perioden 2008 til 2020 slapp vi ifølge IEA ut 411 gigatonn CO2.

 

Netto null

Vi må ned i netto null utslepp av CO2 for å klare å stabilisere den globale oppvarminga. Det vil seie at vi må sørge for å fjerne like mykje CO2 frå atmosfæren som vi slepp ut. Kor mykje vi slepp ut fram til vi oppnår nette null, vil avgjere korleis temperaturnivå oppvarminga stabiliserer seg på.