No er det bandtvang over heile landet

Bilde av hund i bånd.
Den nasjonale bandtvangen gjeld i perioden 1. april–20. august. Då skal hunden vere i band eller forsvarleg inngjerda eller innestengd. Foto: Scanstockphoto.

Frå og med laurdag 1. april  må du ha hunden din i band. Mange kommunar har allereie gjort vedtak om utvida bandtvang for å beskytte beitedyr og vilt.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.04.2023

Den nye hundelova tredde i kraft 1. januar 2023. Hundelova stiller tydelege krav til forsvarleg hundehald og styrker politiet sine moglegheiter til å gripe inn i problematisk hundehald på eit tidleg tidspunkt. Om nokon bryt lova, kan dei måtte betale eit gebyr.

Kommunen kan vedta utvida bandtvang

Den nasjonale bandtvangen gjeld i perioden 1. april -20. august. Då skal hunden vere i band eller forsvarleg inngjerda eller innestengd. Grunnen er at hundar ikkje skal jage eller skade husdyr, tamrein eller viltlevande dyr og deira reir, bo eller hi.

Kommunen kan vedta eigen forskrift om bandtvang

  1. i, og knytt til, bustadområde og handleområde
  2. i parker, på gravplassar, på og ved skoler, barnehagar og anlegg for leik, idrett, sport eller rekreasjon
  3. på og ved bestemte turstiar, turveier, merka skiløyper, leir- og rasteplassar
  4. i bestemte område på land, i vann eller sjø som er brukt som tur- eller rekreasjonsområde
  5. i heile eller deler av kommunen i eit bestemt angitt tidsrom når husdyr normalt går ute
  6. under ekstraordinære forhold som gjer eit krav om bandtvang for å ta vare på vilt

Bandtvang etter punkt 3 og 4 kan ikkje bli fastsett i større grad enn nødvendig. Dei som går tur med laus hund skal også bli tatt vare på i tilstrekkeleg grad.

Bandtvang etter punkt 5 og 6 kan berre bli innført i område av kommunen der husdyr har rett til å beite og faktisk beiter, eller der kor vilt har sitt leveområde. Bandtvang som er satt grunna ekstraordinære forhold må høyre opp straks forholda seier det. Der beite, natur- og rekreasjonsområde strekk seg øver fleire kommunar, bør desse kommunane samordne sine forskrifter.

Ifølge hundelova er det forbod mot å gå frå ein hund som er bunde rett ved inngangen til ein bygning som er open for allmennheita, eller ved leikeplassar.

Hundelova har unntak frå sikringsreglane for hund som har særlege bruksformål. Dette gjeld for eksempel hundar brukt i reindrift, dresserte bufehundar, tenestehundar og hundar som ettersøkjer.

Statsforvaltarens oppgåver

Statsforvaltaren rettleiar kommunane om hundelov og om kommunen sin bruk av lokal forskrift.