Får pris for kreativ kombinasjon av gardsbruk og språk

Bilde av dei to prisvinnarane i åkeren med kvitlauk i henda
Audun Skjervøy og Hegelin Waldal er aktive på sosiale medium som Instagram og Facebook med flotte bilete og betraktningar frå livet på garden. Foto: Skjermbilde frå ekteparet sin Instagramprofil storstova6210.

Ekteparet Hegelin Waldal og Audun Skjervøy frå Valldal i Fjord fekk 3. mars 2023 Landbruksselskapet i Møre og Romsdal sin inspirasjonspris. Dei får prisen for å vere kreative og gode forbilde i landbruket og Bygde-Noreg.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.03.2023

Landbruksselskapet gir Waldal og Skjervøy prisen fordi dei er gode representantar for landbruksnæringa. Dei produserer kvalitet. Dei evnar å nytte både sine personlege eigenskapar og ressursane på garden på ein kreativ og inspirerande måte.

Prisen er 10 000 kroner og eit kunstverk. 

Sel produkt frå garden

I 2004 flytta Waldal og Skjervøy frå trygge jobbar i Oslo, for å ta over garden etter Hegelin Waldal sine foreldre. Ekteparet driv i dag nabobruka Storstova og Ellingsgarden i Valldal. På gardane produserer dei jordbær, potet og ulike grønsakssortar.

Mykje av jordbæra deira blir selt gjennom Valldal Grønt, men noko sel dei også rett frå garden saman med potet og grønsaker. Dei leverer også bær, grønsaker og potet til lokale restaurantar som Juvet landskapshotell, Jordbærstova, Olagarden i Tafjord, til rehabiliteringssenteret Muritunet og gjennom Reko-ringen.

Språksmie og breiband

Både Waldal og Skjervøy arbeidde som journalistar i Hovudstaden. Ved sida av gardsdrifta har dei no firmaet «Språksmia». Her tar dei oppdrag innanfor språkvask, omsetjing, grafisk design med meir. Dei er begge gode ambassadørar for nynorsk. Waldal og Skjervøy kombinerer gardsdrifta og bygda med urban marknad, internett og moderne teknologi.

Audun Skjervøy har vore leiar av Breidbandsnemnda i kommunen. Nemnda har lagt grunnlaget for at Fjord kommune no vert ein av dei første distriktskommunar i landet med høghastigheits fiberbreiband til alle husstandar. Dette er ein føresetnad for at bygdene skal vere attraktive som bustad for folk med høg kompetanse – for at byjobbane skal kunne bli med ut på bygda.

Med garden i media og foreiningar

Skjervøy skriv jamleg artiklar i avisa Nationen der han tar opp aktuelle tema innanfor landbruk og distriktspolitikk. Saman med Waldal er han aktiv på sosiale medium som Instagram og Facebook med flotte bilete og betraktningar frå livet på garden. Dei er begge aktive i foreiningsliv, styre og politikk i bygda og regionen.

Det var Indre Storfjord Bondelag som nominerte Waldal og Skjervøy.

--------

Landbruksselskapet i Møre og Romsdal er ein stiftelse som skal støtte positive tiltak i landbruket og bygdenæringane. Stiftelsen har eit styre beståande av landbruksdirektøren hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, leiaren i Møre og Romsdal Bondelag, leiaren i Møre og Romsdal bonde- og småbrukarlag og ein representant frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les juryen sin uttale ...