Bjørg og Odd Velle får Inspirasjonsprisen
Ekteparet Bjørg og Odd Velle frå Sykkylven er årets vinnarar av Inspirasjonsprisen. Dei blir heidra for lang innsats i landbruket, der dei har kombinert fagleg kunnskap, nytenking og eit sterkt engasjement for både lokalsamfunn og natur.
Årets vinnarar driv Eliasgarden i Sykkylven kommune, ein gard med røter som strekkjer seg fleire tusen år tilbake i tid. Her har dei bygd opp ei moderne og framtidsretta drift, samstundes som dei har teke vare på kulturarv, landskap og tradisjonar.
Pionerar som har styrkt både bygda og landbruket
Stiftinga Landbruksselskapet i Møre og Romsdal deler årleg ut ein inspirasjonspris på Landbrukskonferansen.
– Bjørg og Odd Velle er svært verdige vinnarar av prisen, seier Brit Kari Eidseflot Hauger. Ho har leia juryen og er underdirektør i landbruksseksjonen hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Juryen meiner at Bjørg og Odd Velle har vore pionerar i mykje av sitt arbeid, og har hatt stort fokus på å finne samarbeidsløysingar:
– Dei bygde ein av dei første lausdriftsfjøsane i fylket, dei var tidleg ute med fellesseter, og var også pionerar med å tilby garden som opplæringsarena. Bjørg og Odd Velle har lagt ned stor innsats for både bygdemiljøet og landbruket, noko som er framheva i nominasjonen.
Bak nominasjonen står fleire organisasjonar, landbrukskontoret, naboar og familie.
Over fem tiår som gardbrukar
Odd starta som gardbrukar allereie som 18-åring, og har vore aktiv i heile 53 år. Han la om frå kjøtproduksjon til mjølkeproduksjon i 1978, og i dag har garden ein kvote på rundt 140 tonn mjølk.
Han var tidleg ute med fellesseter og var ein av initiativtakarane til Aure Samdrift, som sidan 1981 har vore ein viktig ressurs for mjølkeprodusentar i området.
– Odd har vore ein viktig person for å få folk til å arbeide i lag om eit felles mål, heiter det i nominasjonsteksten.
Ambassadørar for nye løysingar
Bjørg og Odd var blant dei første som bygde lausdriftsfjøs i fylket – faktisk var dei så tidleg ute at dei måtte søke om dispensasjon for å få bygge. Dei såg at dyra hadde det bra når dei fekk vere i bevegelse. Etter ei synfaring i Nordfjord og studietur til Danmark, var dei ikkje i tvil om at det var denne typen fjøs dei ville ha.
Lausdriftsfjøsen stod ferdig i 1983, og var utstyrt med mange gjennomtenkte og moderne løysingar.
– Det var mange som meinte det var galskap å bruke så mykje pengar på ein fjøs den gongen, seier Odd.
Han fortel at mange har besøkt garden for å lære av løysingane sidan, og at teikningane har vore utgangspunkt for fleire nye fjøsprosjekt.
– Det er lite endringar vi har trengt å gjere på fjøsen på dei over 40 åra som har gått sidan vi bygde. Den hatt stor betydning for arbeidskvardagen vår.
Garden som opplæringsarena
Både Bjørg og Odd har arbeidskvardagen sin på Eliasgarden. Bjørg har vore lærar og tilsett i kommunen, men har også undervist på garden der ho har hatt Inn på tunet-tilbod.
Dei har teke imot skolelevar som treng ein alternativ opplæringsarena sidan tidleg på 1980-talet. I 2016 vart garden godkjend som Inn på tunet-gard, og tilbodet vart ein del av kommunen sitt opplæringstilbod.
– Vi har tilbydd læringsaktivitetar som kombinerer praktiske oppgåver med teoretisk forståing, fortel Bjørg.
– Det er viktig at barn og unge får oppleve meistring.
Rundt 100 elevar har gjennom åra fått lære gjennom praktisk arbeid, stell av dyr og opplevingar i naturen.
Engasjement for kulturlandskap og kulturarv
Nominasjonsteksten peiker på at ekteparet har tatt godt vare på kulturlandskapet, mellom anna ved å restaurere naturbeitemark rundt garden, skjøtte semi-naturleg eng på seterstølen, og ved å ha dyr på beite i både heimenær utmark og i fjellområda rundt setra.
Odd har vore med på å arrangere «Seterveka for born», eit tilbod den siste veka før skulestart der barn fekk prøve ulike seteraktivitetar. I perioden 2009–2014 fekk rundt 100 barn vere med på setra og lære om seterkultur og husdyrhald.
Han har også i fleire år vore aktiv i Sykkylven Fjordhestlag og saman med fleire andre vore pådrivar i avlsarbeidet gjennom at laget har arrangert hesteslepp på Nysætra i Sykkylven.
Pådrivarar for samarbeid og kunnskapsdeling
Fjorårets vinnar representerte unge gardbrukarar med engasjement og pågangsmot.
– Med årets pris ønskjer Landbruksselskapet å løfte fram to personar som har gjort ein særleg innsats for landbruket i Møre og Romsdal, både som ambassadørar for nye løysingar og som pådrivarar for samarbeid og kunnskapsdeling, seier Eidseflot Hauger.
Utdelinga av Inspirasjonsprisen skjer på Landbrukskonferansen i Molde, fredag 27. februar. Prisen er eit kunstverk og ein gåvesjekk på kr 10 000.
Kontaktpersonar
Landbruksselskapet
Landbruksselskapet i Møre og Romsdal er ei stifting som består av Møre og Romsdal Bondelag, Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Formålet til landbruksselskapet er å støtte positive tiltak i landbruket og bygdenæringane. Inspirasjonsprisen skal tildelast ein gardbrukar eller eit fellestiltak i landbruket som er ein god ambassadør for næringa, og til inspirasjon for andre.
Styret i Landbruksselskapet består av
- Brit Kari Eidseflot Hauger, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Olav Håkon Ulfsnes, Møre og Romsdal Bondelag
- Vibeke Evensen, Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag
- Eivind Vartdal Ryste, Møre og Romsdal Fylkeskommune