AR5 – eit viktig verktøy for landbruksforvaltninga

Kjetil Fadnes frå NIBIO i felt på Hildre i Haram.
NIBIO heldt AR5‑feltkurs på Hildre i Haram i mai. På biletet: kurshaldar Kjetil Fadnes, senioringeniør i NIBIO. Foto: Jakob Nikolai Andersen Hustad.

AR5 er eit nasjonalt kartdatasett som viser korleis landbruksareal i Noreg er brukt. Kartet er sentralt i både landbruksforvaltning, arealplanlegging og kontroll av tilskot.

Publisert 15.06.2026

Kva er AR5?

AR5 står for «arealressurskart i målestokk 1:5000». Kartet viser ulike typar areal, som fulldyrka jord, overflatedyrka jord, innmarksbeite, skog, myr, open fastmark, utbygd areal, samferdsel, snø/isbre, ferskvatn og hav.  

I tillegg blir areala beskrive etter eigenskapar som treslag og grunnforhold.

Kartet blir brukt i mange samanhengar, mellom anna i arealplanlegging, lovforvaltning og kontroll av arealtilskot i jordbruket.

Kvifor er oppdatering viktig?

Areal endrar seg over tid. Nedbygging, nydyrking, tilplanting og gjengroing er døme på endringar som må inn i kartet for at det skal vere korrekt.

Ansvar for oppdatering er delt mellom:

  • Kommunane, som står for den løpande oppdateringa gjennom feltkontrollar.
  • NIBIO, som gjer periodiske oppdateringar kvart 4.–10. år og ser gjennom heile kommunen.

Eit oppdatert kart gir betre grunnlag for forvaltning og rettferdig behandling av tilskot og søknader.

NIBIO tilbyr kurs i AR5

Det er viktig med god kompetanse om AR5 for alle som jobbar i landbruksforvaltninga. NIBIO tilbyr derfor jamleg kurs i klassifisering av arealtypar. Kursa kombinerer teori og praktisk arbeid i felt, og målet er at kommunane skal kunne gjere presise og like vurderingar når dei oppdaterer kartet.

Døme: feltkurs på Hildre

Eit av årets feltkurs blei arrangert 27. mai på Hildre i Haram kommune.

Ute i terrenget arbeidde deltakarane frå ulike kommunar i små grupper og fekk utdelt «manuskart» og jordbor for å måle jorddjupne. Saman skulle dei vurdere kva for arealtypar som var riktige i dei ulike områda. Det blei mange gode diskusjonar om terreng, vegetasjon, grunnforhold og tresetting – og om korleis ein skal vekte dei ulike faktorane når ein fastset arealtype.

Kurset blei leia av fagpersonar frå NIBIO, som rettleia og oppsummerte vurderingane undervegs.

Tre deltakarar på feltkurs står og snakkar saman på ei mark. I bakgrunnen ligg skog, sjø og øyer.
Feltkurs på Hildre. Foto: Jakob Nikolai Andersen Hustad.

Meir informasjon

NIBIO si nettside finn du meir informasjon om AR5, klassifikasjonssystem, oppdatering av kart og kurs.

Flyfoto av eit område der ulike areal er markert med fargar.
Eksempel frå kartdatasettet: Ulike fargekodar representerer ulike former for endringar av areala. Foto: Skjermbilde frå AR5.

Kontaktpersonar

Lenkjer