Utbetaling av produksjonstilskot i 2021

I februar 2021 vart produksjonstilskot og avløysartilskot for søknadsomgangen 2020 betalt ut.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.05.2021

2415 jordbruksføretak fekk i februar i år utbetalt til saman 697,3 mill. kroner i produksjonstilskot og avløysartilskot for søknadsomgangen 2020. Av dette beløpet utgjer 612,3 mill. kroner produksjonstilskot og 85 mill. kroner avløysartilskot.

Dette er 10,6 mill. kroner meir enn fjoråret. Tal jordbruksføretak som fekk utbetalt tilskot gjekk ned med 16 frå 2431. Dei største utbetalingane er knytt til husdyrtilskot, arealtilskot for grôvfor og driftstillegg mjølkeproduksjon.

Kontaktpersoner