Mange landbrukswebinar våren 2021

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har laga ein plan over digitale møtepunkt med landbrukskontora i kommunane i fylket.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Sist endret 14.04.2021

Sidan det ikkje er mogleg med fysiske samlingar, har landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren planlagt nokre webinar framover våren. Vår erfaring er at slike webinar kan vere godt eigna for korte økter med fagleg påfyll.

I høgremargen ligg ei oversikt over planlagte webinar frem til sommaren. Her vil det garantert kome endringar, så planen vil bli oppdatert undervegs.  

Invitasjonar er/vert sendt til kommunane sine landbrukskontor.