Samling innen rus og psykisk helse

Dato:
16. mars 2022 10.00 - 14.00
Sted:
Scandic Alexandra, Molde
Arrangør:
Statsforvalteren i Møre og Romsdal, NAPHA, KoRus
Målgruppe:
Einingsleiarar og tilsette i rus- og psykisk helseteneste i kommunane
Påmeldingsfrist:
14. februar 2022 23.59

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, i samarbeid med Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helse (NAPHA) og kompetansesenter for rusfeltet (KoRus) invitere til eit dialogmøte om utvikling av kommunale rus- og psykisk helsetenester i kommunen.

Publisert 19.01.2022

Dei siste åra har det vore stor merksemd rundt rusfeltet, på bakgrunn av Opptrappingsplanen for rusfeltet (2016-2020) Sjølv om opptrappingsplanen no er avslutta er det framleis behov for vidare innsats på feltet.

Målet med samhandlinga er å identifisere områder ein kan jobbe vidare med og informere om kva kompetansesentra og Statsforvaltaren kan bidra med.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, i samarbeid med Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helse (NAPHA) og kompetansesenter for rusfeltet (KoRus) vil derfor invitera til eit dialogmøte om utvikling av kommunale rus- og psykisk helsetenester i kommunen.

Vi inviterar i første omgang kommunane i Romsdalsregionen til ei samling om dette arbeidet (Molde, Aukra, Vestnes, Rauma, Hustadvika) 16. mars 2022 i Molde, på Scandic Hotel Alexandra.

Målgruppe: Einingsleiarar og tilsette i rus- og psykisk helseteneste i kommunane. NB! Merk at dato er endra etter at første invitasjonsbrev blei sendt ut i desember.

Økonomi: Kurset er gratis.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 14. februar 2022.  Påmeldingsskjema vil du fram til då finne lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til sfmrkurs@statsforvalteren.no eller på telefon 71 25 85 05 / 71 25 85 11.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
16. mars 2022 10.00 - 14.00
Sted:
Scandic Alexandra, Molde
Arrangør:
Statsforvalteren i Møre og Romsdal, NAPHA, KoRus
Målgruppe:
Einingsleiarar og tilsette i rus- og psykisk helseteneste i kommunane
Påmeldingsfrist:
14. februar 2022 23.59