Kurs for nytilsette i barneverntenestene i Møre og Romsdal

Dato:
21. mars 2022 11.00 - 23. mars 2022 14.00
Sted:
Hustadvika Gjestegård
Arrangør:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Kurset er retta mot dei som er nytilsette innanfor den kommunale barneverntenesta dei to siste åra.
Påmeldingsfrist:
7. mars 2022 23.59

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer nytilsette i barneverntenesta i kommunane til opplæring. 

Publisert 10.02.2022

Kurset gjev grunnleggjande innføring i praktisk og juridisk barnevernsarbeid og om barnevernet si oppbygging og tiltaksapparat.

Det vil bli lagt vekt på deltakarane si forståing av rolla som kontaktperson og barnevernet sitt arbeid frå ein får ei melding til undersøking og oppfølging av tiltak.

Kurset blir halde på Hustadvika Gjestegård, med oppstart måndag 21. mars kl. 11.00 og blir avslutta onsdag 23. mars kl. 15.00. For nærare opplysningar om kursstaden, sjå www.hustadvika.no.

Dersom smittesituasjonen endrar seg slik at vi ikkje kan møtast fysisk, kan kurset bli avlyst/utsett.

Ta gjerne med barnevernlova og saksbehandlingsrundskrivet.

Økonomi: Statsforvaltaren dekker kurs- og opphaldsutgifter. Eventuell overnatting kvelden før blir ikkje dekt. Reiseutgifter må den enkelte barnevernsteneste dekke sjølv. Ved manglande oppmøte vil arbeidsgivar bli fakturert for opphaldsutgiftene.

Målgruppe: Kurset er retta mot dei som er nytilsette innanfor den kommunale barneverntenesta dei to siste åra.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 10.03.2022.  Påmeldingsskjema vil du fram til då finne lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til sfmrkurs@statsforvalteren.no eller på telefon 71 25 85 05 / 71 25 85 11.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
21. mars 2022 11.00 - 23. mars 2022 14.00
Sted:
Hustadvika Gjestegård
Arrangør:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Kurset er retta mot dei som er nytilsette innanfor den kommunale barneverntenesta dei to siste åra.
Påmeldingsfrist:
7. mars 2022 23.59

Kontaktpersoner