Klimasamling for kommunane i Møre og Romsdal
- Dato:
- 11. november 2021 10:30
- Stad:
- Ålesund
- Arrangør:
- Miljødirektoratet, Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ), Statsforvaltaren og fylkeskommunen i Møre og Romsdal
Invitasjon til klimasamling for kommunane i Møre og Romsdal
Alle kommunane i Møre og Romsdal er invitert til samling for å styrke arbeidet med klimatilpassing og utsleppskutt.
Tid: 11.-12. november 2021
Stad: Ålesund
Samlinga har to delar: Ei fysisk samling, i Ålesund, lunsj til lunsj 11.-12. november 2021 og ein digital del, med fagleg djupdykk gjennom fleire webinar. Samlinga arrangerast av Miljødirektoratet, Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ), Statsforvaltaren og fylkeskommunen i Møre og Romsdal.
Praktisk kompetanse: Formålet er å gje tilsette frå ulike fagområde økt, praktisk kompetanse og knytte kontakt med kollegaer i andre kommunar, med tanke på framtidig samarbeid og deling på kompetanse og ressursar. Vi ønsker også å løfte fram viktigheita av at alle delar av kommunen si verksemd deltar aktivt i omstillinga til eit lågutsleppssamfunn.
Toppleiarforum: Vi har dlagt samlinga "back-to-back" med KS si leiarsamling i fylket. På den måten håper vi å få god oppslutting om klimasamlinga sitt toppleiarforum, som er eigen sesjon på den fysiske samlinga for ordførar og kommunedirektørar.
Kven bør delta? Vi oppfordrar kommunane til å vere representert med fleire personar på samlinga, både fordi det er mange i kommunen som er viktig for framdrift i klimaarbeidet og fordi det kan auke sjansane for eit løft i klimaarbeidet etter samlinga. Leiar og fagansvarlege for utsleppskutt, klimatilpassing, miljø og berekraft, innkjøp, næringsutvikling, planlegging, landbruk, bygg- og eigendomsforvaltning er alle viktige i dette arbeidet.
Opphald dekkast av arrangør: Arrangørane dekker opphaldet for begge dagane, mens kommunane må dekke reisa sjølv. Vi tar sikte på å dekke overnattingar for inntil fire personar for kvar kommune frå 11. til 12. november + overnatting frå 10. til 11. november for deltakarar som treng dette pga lang reiseveg. Samlinga er lagt lunsj til lunsj i håp om at flest mogleg ikkje treng meir enn ei overnatting.
Program og meir infomrasjon: Foreløpig program for samlinga finn du her. Vi oppdaterar programmet etterkvart som delar er fastlagt. Planlegging av innhald for den digitale delen er i full gang. Formålet med den digitale delen er å gi deltakarane meir fagspesifikk kompetanse. Gå inn å sjå på programmet for den digitale delen og sett av tid til dei bolkane som er av interesse!
Korona: Vi håper og trur at det lar seg gjere å gjennomføre samlinga fysisk. Vi ber dykk derfor planlegge for at det blir ei fysisk samling.
Opptak og presentasjoner: Opptak frå konferansen og powerpointpresentasjonane finn du på denne sida: Klimasamling for kommunene i Møre og Romsdal - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)
- Dato:
- 11. november 2021 10:30
- Stad:
- Ålesund
- Arrangør:
- Miljødirektoratet, Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ), Statsforvaltaren og fylkeskommunen i Møre og Romsdal