Lovleg skolevedtak i Hustadvika

Statsforvaltaren har konkludert med at Hustadvika kommune sitt vedtak om å slå saman og samlokalisere skolar er lovleg.

Publisert 20.06.2025

Det var fire kommunestyrerepresentantar som bad om ein lovlegkontroll av Hustadvika kommunestyre sitt vedtak frå mars 2025. 

Vil slå saman og samlokalisere

Vedtaket gjeld samanslåing av Lyngstad og Vevang skole med Eide barneskole, med lokalisering på Eide og at ungdomstrinna ved Bud barne- og ungdomsskole og Hustad barne- og ungdomsskole blir samlokalisert med Fræna ungdomsskole i Elnesvågen.

Statsforvaltaren har kontrollert vedtaket. 

Vedtaket står seg

– Vi har ikkje funne saksbehandlingsfeil, inhabilitet eller feil i korleis avstemming i saken blei gjennomført. Saken har hatt tilstrekkeleg høyringsfrist og saka er tilstrekkeleg utgreidd, seier spesialrådgivar Helge Mogstad hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. 

Statsforvaltaren har også funne at barnets beste er tilstrekkeleg vurdert og vektlagt i vedtaket. 

– Hustadvikas vedtak er derfor lovleg, seier Helge Mogstad.