Vestnes kommune er meldt ut frå ROBEK - register om betinga godkjenning og kontroll. Vedtatt årsrekneskap for 2022 viser at kommunen har klart å dekke inn alt underskott frå tidlegare år.
14.06.2023
Torsdag 11. mai la regjeringa fram forslag til revidert nasjonalbudsjett for 2023 og kommuneproposisjonen for 2024. Regjeringa presenterer her reviderte anslag for kommunesektoren i inneverande år og det økonomiske opplegget for det kommande året.
19.05.2023
Volda, Ålesund, Molde og Tingvoll kommunar får alle midlar til ei toårig engasjementsstilling for berekraftkoordinator. Ressursen skal dei dele med omlandskommunane.
19.04.2023
Statsforvaltaren inviterer kommunane i Møre og Romsdal til å kome med innspel til skjønnstildelinga for 2024 innan 1. juni.
14.04.2023
Stranda kommune vert underlagt statleg kontroll med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar.
13.03.2023
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal konkluderer med at Stranda kommune har gjort eit ulovleg vedtak om budsjett og økonomiplan. Vedtaket vert derfor oppheva.
Kommunal- og distriktsdepartementet har handsama søknaden om kompensasjon for kostnader ved deling av Ålesund kommune.
10.02.2023
Forventningsbrevet for 2023 er sendt til kommunane i Møre og Romsdal. I brevet informerer Statsforvaltaren om sentrale forventningar og oppdrag frå nasjonale myndigheiter.
01.02.2023
Statsforvaltaren har i dag sendt søknad om utgreiing av grensejustering for Ona, Sandøy og Gåsøya over til Kommunal- og distriktsdepartementet.
21.12.2022
No er dei resterande 25,8 millionane av skjønnsmidlar til kommunane i fylket fordelt.
04.11.2022