Vestnes meldt inn i ROBEK

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har bede om at Vestnes kommune vert underlagt statleg kontroll med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. 

Publisert 20.05.2022

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har bedt Kommunal- og distriktsdepartementet om at Vestnes kommune vert ført opp i registeret for betinga kontroll og godkjenning (ROBEK).

Kommunen sin årsrapport og årsrekneskap for 2021 viser at meirforbruk i 2019 ikkje blei dekt inn innan fristen på 2 år (kommunelova § 28-1 bokstav c).

Kommunestyret i Vestnes vedtok årsrapport med årsrekneskap 19. mai 2022.

Om ROBEK

ROBEK-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedtatt økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsregnskapet innanfor dei fristane som gjeld.

Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal lage ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Lenker