Kommunar kan ikkje ta betalt for nødvendig tryggleiksalarm
– Dersom tryggleiksalarmen erstattar tenester, skal innbyggjaren ikkje betale for tryggleiksalarmen, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.
Statsforvaltaren har sendt brev til alle kommunane i Møre og Romsdal for å presisere regelverket om eigendel for tryggleiksalarm.
Les heile brevet: Om adgangen til å ta betalt for tryggleiksalarm (pdf)
Sjølvkost berre for frivillig servicetilbod
– Kommunen kan tilby tryggleiksalarm som eit frivillig servicetilbod til personar som ikkje har rett på helse- og omsorgstenester frå det offentlege. Då kan kommunen ta betaling opp til sjølvkost. Dette vil truleg skjeldant være tilfelle.
Må vurdere kvar enkelt sak
Kommunane må vurdere kvar enkelt sak etter dei vanlege reglane for kommunale helse- og omsorgstenester.
– Dersom tryggleiksalarmen erstattar tenester som nødvendig tilsyn, tryggleik, hjelp til personleg stell og eigenomsorg eller helsehjelp i heimen, skal alarmen vere gratis. Berre i dei tilfella der tryggleiksalarmen blir gitt som praktisk bistand utan at det gjelder personleg stell og eigenomsorg kan det krevjast eigendel. Statsforvaltaren vurderer at dette vil vere aktuelt i få tilfelle, seier Mikaelsen.