Klage på helsehjelp?

Du kan klage til Statsforvaltaren viss du ikkje er nøgd med helsehjelpa du har fått. Du kan også klage på manglande helsehjelp, eller viss du meiner at du har rettar som ikkje er oppfylte.

Publisert 10.10.2022, Sist endret 11.12.2023

Dersom du skal klage til Statsforvaltaren, vil vi gjerne at du nyttar dette skjemaet: Klage på helsehjelp 

Bruk skjemaet i staden for løysinga «Send sikker melding».

Når du nyttar dette skjemaet, vil vi få dei opplysningane vi treng frå deg for å kunne vurdere klaga di. Viss du treng hjelp til å fylle ut skjemaet, ta kontakt med oss på tlf. 71 25 84 00 (sentralbord). Vi kan også avtale ein annan framgangsmåte for å ta i mot klaga di.

Dersom klaga gjeld ei alvorleg hending i helsetenesta, kan du melde dette direkte til Statens helsetilsyn.